Avsæde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Avsæde var i det gamle norske jordbrukssamfunnet ei nemning for den skikken at ein annan enn bonden sjølv fekk så og hauste eit åkerstykke for eiga vinning.

Tenestefolk kunne få avsædeløyve som ein del av arbeidsløna. Avsædeskikken vart i mange høve opphav til husmannsplassar, og i løpet av 1800-talet vart ordninga avløyst av husmannsvesenet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]