Avskil i nåde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Avskil i nåde er eit uttrykk for når embetsmenn har nådd den fastsette aldersgrensa, og difor blir underretta avskjed «i nåde». Avskil i nåde blir underretta av vedkomande departement, bortsett frå medlemmer av Høgsterett, som får avskjed i nåde av Kongen.

Etter § 23 i den norske grunnlova, har embetsmenn som er underretta avskjed i nåde rett til å halde på embetstittel og rang. Dette gjeld likevel ikkje for medlemmene i statsrådet. Uttrykket kan også brukast når embetsmenn blir underretta avskjed etter søknad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]