Avskoging i Afrika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå Sossusvlei-ørkenen i Namibia.

Som det sist koloniserte kontinentet har skogen i Afrika lenge vore eit viktig emne for europeiske og afrikanske politikarar. Skal ein hogga, bruka, eller ta vare på skogen må ein vite kor han er, kor mykje det er av han og eventuelt kvar han vert redusert. Skogen i Afrika har såleis like lenge vore eit emne for forskarar. Likevel visste ein lite og veit framleis etter måten lite om Afrikas skogar. Kontinentet vart seint kolonisert og «invadert» av europearane og har fram til i dag vore eit veldig spreidd folkesett kontinent. Frå Sameinte nasjonars organisasjon for mat og landbruk (FAO) si første skogundersøking i 1948 til den siste i 2001 har institusjonen basert seg for det meste på «ekspertestimat» og/eller upåliteleg nasjonal statistikk. Ein kan dermed frå tabell 1 og 2 (som langt ifrå er komplette) sjå at både kor mykje skog Afrika har, og avskogingstakt for Afrika har variert veldig mykje frå undersøking til undersøking.

Kva er avskoging, og kvifor er det eit problem?[endre | endre wikiteksten]

Tabell 1: Skog i Afrika (millionar hektar)
Studie År Afrika Tropisk Afrika Fuktig tropisk
Afrika
FAO 1948 1948 849 - -
FAO 1981 1980 - 703 -
FRA 1990 1980 583 569 -
FAO 2004 1980 - 529 -
FRA 1990 1990 545 530 174
FAO 1997 1990 539 523 -
FRA 2000 1990 703 - 218
TREES-II 1990 - - 198
FAO 2004 1990 - 506 -
IUCN 1992 - - 199
TREES-I 1992 - - 207
FAO 1997 1995 520 505 -
TREES-II 1997 - - 193
TREES-II 2000 - - 191
FRA 2000 2000 650 622 -
FAO 2004 2000 - 484 -
Tabell 1: FRA 1990 frå FAO 1993. TREES-I, TREES-II, IUCN og FRA 1990 og 2000 verdiar for «fuktig tropisk Afrika» frå Achard med fleire 2002a og 2002b. FRA 2000 frå FAO 2001, unnateke verdien for «fuktig tropisk Afrika». FAO 1980 frå Grainger 1996.

Achard (2002) reknar berre med «lukka skog,» noko som fører til at hans tal for FRA 2000 for år 2000 er om lag 50 % av det FAO kallar «total forest cover.» Det er usikkert i kor stor grad «tropisk Afrika» omfattar dei same områda for FAO 1981, FRA 1990, FAO 1997 og FAO 2004, men i tilfelle forskjell er den truleg liten. Verdiane for TREES-II har feilmarginar som ikkje er tekne med. TREES-I og TREES-II varierer ved at austlege Afrika og Madagaskar ikkje var med i TREES-I.

Utheva tal er dei som er «aktuelle,» det vil seie dei som det frå kjelda si side blir framstilt som oppdaterte og gyldige. Tala er ordna etter år dei skal gjelde for og deretter utgjevingsår slik at ein skal kunne sjå korleis tala for same år har variert over tid. Ettersom tala frå FAO 2004 har vore delvis publisert tidlegare kan plasseringa av desse vera noko misvisande.

Før ein kan diskutere avskoging som eit problem er det viktig å vite kva det er ein snakkar om. Kva er skog? Kva er avskoging? Når er avskoging eit problem, og kvifor?

Definisjon[endre | endre wikiteksten]

Kva som blir definert som skog har heilt vesentleg betydning for kva statistikken seier om kor mykje skog det er og kor mykje skogsarealet blir redusert. Er til dømes ein frukttrehage, ein palmeplantasje eller ei savanne med eit tre her og der, skog? Kor tett må trea stå? Kor høge må dei vera?

Kor stor betydning slike detaljar i skogdefinisjonen kan ha å seie for sjølve statistikken kan ein sjå frå den store endringa i verdas skogsområde mellom FAO (1993) si undersøking «Forest Resource Assessment 1990» (FRA 1990) og «FRA 2000» (FAO 2001).1 I FRA 1990 vart skog definert ulikt i utvikla og utviklingsland (som alle Afrikanske land høyrer inn under). I utviklingsland skulle skogtoppane (kruna) dekka 10 %, medan i utvikla land 20 %2. I FRA 2000 vart skog derimot definert til 10 % trekrunedekke for alle land3. Verda gjekk dermed frå å ha 3442,4 millionar hektar (m ha) skog i 1990 (FAO 1993) til 3869,5 i 2000 (FAO 2001). Skulle ein samanlikna dei to statistikkane ville ein altså sjå at verda hadde fått 12,4 % meir skog mellom 1990 og 2000! Men FRA 2000 kom også med nye tal for 1990 som viste at skogane hadde minka med 2,4 % (FAO 2001). Dette illustrerer kor viktig det er å vera klar over kva definisjonar (og undersøkingar) som er referert før ein samanliknar ulike statistikkar. Ettersom Afrika heile tida har vore eit kontinent av utviklingsland skulle ikkje denne endringa ha innverknad på tala der, men ein kan sjå kor mykje dei likevel har variert i tabell 1.

Matthews (2001:2), som representerer «World Resources Institute» (WRI) framhevar at 10 %-grensa er «låg nok til at den tek med område som dei fleste ikkje-spesialistar ville oppfatte som tundra, trekledd grasslette eller savanne, eller krattskog—ikkje skog.» «Naturleg skog» blir ofte oppfatta som «urørt» eller «utilgjengeleg» skog, og det er den miljøvernorganisasjonane fokuserer på (til dømes WRI 2000a, 2000b og 2002). Denne blir av FAO (2001:Appendix 2) definert som «skogar av opphavlege tre, ikkje planta av menneske» (vår omsetjing). Men Fairhead & Leach (1995, 1998) har vist at store område skog i Vest-Afrika som har blitt sett på som avskoga førre hundreåret truleg ikkje har vore «opphavleg skogkledd». Det ein har trudd var attverande skogsøyer i eit område som før var fullstendig skogkledd, viser seg å vera skogsøyer under utvikling (på grunn av menneskeleg påverknad) i eit område som før var savanne. Slik har store skogsområde som ein i dag har sett på som «naturleg skog» eigentleg blitt menneskeskapt.

Med FAO sin hovuddefinisjon blir avskoging ein netto reduksjon i område dekte av skog over tid. Dersom ein brukar definisjonen for naturleg skog kan ein ikkje ta med tilvekst frå plantasjar, og dersom ein definerer skog som «urørt» skog kan ein vanskeleg ta med tilvekst i avskoga område i det heile; det blir då eigentleg snakk om brutto avskoging. Andre vil kanskje definera avskoging som «skogsdegradering», og «degradering» er ofte i den samanhengen ein reduksjon av biomasse og biodiversitet, eller som Grainger (1996:184) skriv det: «mellombels eller permanent reduksjon av tettleiken eller strukturen i vegetasjonsdekket eller artssamansetjinga åt vegetasjonen» (vår omsetjing).

Sjølv om det er så mange ulike definisjonar og ulikskapane kan vera store ser det ut til at FAO sin siste definisjon er den dominerande (til dømes DeFries 2002, og FAO 2004 tilpassar sine tal til denne definisjonen) og ettersom FAO også publiserer tal over plantasjeområde kan ein finna tal for «naturleg skog». I tillegg er det vanleg å bruka ein «closed forest»- eller «dense forest»-definisjon for regnskogområda (til dømes Archard 2002; WRI 2000a, 2002).

Avskoging som problem[endre | endre wikiteksten]

Savanneskog i Tarangire nasjonalpark i Tanzania.

I Afrika er det mange land som har veldig lite skog (ifølge FAO 2001 er det 25 land som har under 15 % skog, Noreg har 28,9 %), enten fordi miljøet ikkje er eigna for skog, eller fordi skogen er fjerna. Når skog er ein knapp ressurs blir det problematisk å fjerna den, men sjølv når det er mykje av den kan det vera problematisk:

  • Både der det er mykje og lite skog kan avskoging føra til erosjon. Røtene held på jorda og bind næring til den. Erosjonen fjernar næring frå jorda, og kan til dømes føra til flaum, truande deformering av land og forstopping av vatningsanlegg (Kull 2000). Men erosjon er ikkje berre negativt, sjølv om næringa blir flytta nedover kan den brukast. Slik har det seg at til dømes bønder i baiboho i nordvestlege Madagaskar er avhengige av avleiringane frå erosjonen i høglandet (Kull 2000:438), og jordbruket i Nildalen er avhengig av næringa som Nilelva fører med seg. Jordbruk fører til erosjon, men mange afrikanske bønder (døme i Kull 2000, Leach & Mearns 1996 og Fairhead & Leach 1995) har mykje kunnskap om korleis det kan avgrensast. Skiftjordbruket som oftast blir skulda for avskoging let også oftast skogen komma tilbake, om ikkje i same form som før.
  • Reduserer biologisk mangfald/degradering: Det som truleg er det største problemet med avskoging for miljøorganisasjonane er avskoging av såkalla «naturleg skog», eller urskog. Regnskog er den mest kjende typen. Ettersom han berre er å finna i tropiske strøk, er det desse områda undersøkingar som brukar satellittbilete (til dømes Archard 2002, DeFries 2002 og FAO 2004) konsentrerer seg om. Dette understrekar den merksemda desse skogane har. På den andre sida er dei også veldig populære innan internasjonal tømmerindustri. Sjølv om skog skulle veksa tilbake etter avskoging av regnskog, vil den ikkje ha same biodiversitet og biomasse. Ein er difor redd for å mista tilgangen (for alltid) til plante/dyreartar som kan fremja forsking til dømes innan medisin. Reduksjonen i biomasse fører til auka frigjering av karbon som dermed fører til auka CO2 i atmosfæren og auka drivhuseffekt. Kor mykje regnskog det har vore og er att er difor veldig viktig for det store CO2-reknestykket4. Den andre sida av mynten er at Afrikanarane ikkje kan skuldast for å ha skapt drivhuseffekten, og skulle dei sjå til vesten ville dei ikkje finna mykje attverande urskog. Om regnskog blir til «forest fallow» har lite å seia for ein afrikansk bonde så lenge han kan arbeida jorda til livets opphald. Det som er degradering for den eine kan vera oppgradering for den andre.
  • Fjernar livsgrunnlaget til folk: Sjølv om omgjering av skog til jordbruksland blir sett på som den viktigaste grunnen til avskoging (Archard 2002, FAO 2003), er også tømmerhogst ein viktig faktor. Skogen er for mange afrikanarar ein viktig del av livsgrunnlaget der dei hentar til dømes «gums and resins, honey and beeswax, medicinal and aromatic plants, dying and tanning materials, bamboo, and bushmeat» (FAO 2003a:20). FAO (2003g:62) nemner folk i tre kategoriar som er avhengige av skogen: «forest dwellers, including hunter-gatherers and swidden cultivators; farmers living adjacent to forests, including smallholders and the landless; and commercial users, including artisans, traders, small entrepreneurs and employees in forest industries». På landsbygda kan såleis skogen ha avgjerande betydning for hushaldsinntekta, og viltkjøtt er den viktigaste proteinkjelda for mange land og folk særleg i Vest- og Sentral-Afrika (FAO 2003a). Skog fungerer òg som viktig vern for jordbruket og mot ukontrollert brann (Fairhead & Leach 1998). I tillegg til desse hovudgrunnane er skog viktig for å ta vare på vasskjelder og halda dei reine (FAO 2001).

Årsaker til avskoging[endre | endre wikiteksten]

Kva er så årsakene til avskoging i Afrika?

Jordbruk: Det som vanlegvis blir peika på som hovudårsak til avskoging både før og no er det som blir karakterisert som dårlege jordbruksteknikkar, slik som svibruk, skiftjordbruk og overbeiting. Dette blir nemnd som grunn i FAO sine rapportar, og Grainger (1996: 183) skriv at «large areas of savanna woodland undoubtedly result from prolonged human disturbance which continues to this day». Jordbruk er det Grainger legg vekt på som «human disturbance». I denne samanhengen ser det ut til at Grainger har det som av Fairhead & Leach (1998) blir kalla «the orthodox view», at jordbruk har gjort store område i særleg Vest-Afrika om til savanne. I sin studie i Kissidougou (Fairhead & Leach 1995) har dei derimot vist at prosessen har vore heilt omvendt. Bøndene har faktisk gjort savanne om til skog! Dette brukar dei også i sin studie av Vest-Afrika (Fairhead & Leach 1998). Der finn dei at store område i Elfenbeinskysten som i dag blir sett på som «naturleg skog» i ein «skogssone» trua av avskoging, truleg er omgjort frå skogsavanne til skog det siste hundreåret.

Kull (2000) viser i sin studie av Madagaskar at sjølv om jordbruk har vore med på å fjerna regnskogen aust på Madagaskar, kan ikkje denne årsaka overførast direkte til resten av øya. Store delar av høglandet som før var dekt med gras, har truleg aldri blitt avskoga, men kan i dag etter stor folkeauke visa til «imbricated crop fields, rice terraces, woodlots and fruit trees» (Kull 2000: 432).

Det er nok klart at jordbruk kan føra til avskoging, men ein kan neppe påstå at innfødde jordbruksteknikkar som skiftjordbruk og svibruk universelt fører til dette. Archard (2002a: 111) formulerer det slik i ein av dei siste studiane om tropisk avskoging som er publisert: «Skiftjordbruk føregår hovudsakleg i mosaikkane åt 112 sekundærskogar og påverkar berre delvis dei lukka primærskogane» (vår omsetjing), samtidig peikar han på at storparten av området som vart avskoga vart gjort om til jordbruksland.

Afrikansk vedutsal.

Den andre store syndaren innan tropisk avskoging er hogst. Hovudårsakene er industriell hogst og vedhogst, i tillegg kjem selektiv hogst som ikkje avskogar, men blir skulda for å degradera skog og bana veg for vidare degradering og avskoging (Grainger 1996; FAO 2003b, c; WRI 2002; Archard 2002a). Industriell hogst av regnskog er vanlegvis drive av transnasjonale selskap og kjem sjeldan landet og lokalbefolkninga til gode. Ulovleg og uregulert hogst er også ein del av problemet i land som ofte har svake og korrupte styresmakter. (FAO 2003a, b). Plantasjeetablering og følgjande hogst derimot, er i det sørlege Afrika drive meir av lokale selskap og har i Sør-Afrika gjeve arbeid til meir enn 12 500 «small growers» (FAO 2003a: 15).

Vedhogst til fyringsformål vart i 1997 av FAO ikkje gjeve stor vekt, og 2/3 av fyringsvedbehovet kjem frå «nonforest sources such as woodlands, roadside verges, and wood industries» (WRI 2000). I «Forest Outlook Study for Africa» (FOSA) (FAO 2003a, b, c, d, e, f) blir det gjeve ulik vekt. Sjølv om produksjonen av fyringsved har auka veldig mykje dei siste åra og 91 % av all industriell trefelling blir brukt til fyring, er det ting som tyder på at etterspørselen minkar på grunn av at andre energikjelder kjem til, og at avskoginga råkar skog som er planta for å bli hogd til ved. Det kan sjå ut til at der ein har knappe vedressursar på grunn av avskoging har ein byrja å ta konsekvensane av dette ved å etablera plantasjar (FAO 2003). FOSA føreser at auka etterspørsel vil gå mest ut over bynær skog, men dette vil vera avhengig av marknadskrefter og den uformelle sektoren.

Folkevekst blir også ofte direkte sett i samanheng med avskoging. At delar av dette slik som urbanisering fører til avskoging er ikkje så vanskeleg å forstå ettersom byar treng plass. På den andre sida viser studiar (Fairhead & Leach 1995, 1998; Kull 2000; Leach & Mearns) at folkevekst likså godt kan føre til «påskoging».

Andre årsaker til avskoging som ikkje blir gjeve mykje vekt er slikt som vegbygging og industriell utbygging (vasskraft, gruvegraving).

Tidlegare og noverande avskoging i Afrika[endre | endre wikiteksten]

For å finna gode løysingar på problemet avskoging og vita kor stort det blir i framtida er det viktig å vita kor mykje skog der er, og kor fort den minkar.

Tidlegare avskoging[endre | endre wikiteksten]

Skogen i Afrika vart prioritert av kolonimaktene, både for å ta vare på noko som var nesten heilt borte i Europa, men også på grunn av dei store ressursane som skogane inneheldt. Ser ein langt tilbake i tid så har skogen variert med det vekslande klimaet på jorda (Goudie 1996). Det som er mest interessant er likevel kor mykje menneskeleg påverknad har ført til avskoging. Dei fleste har brukt 1900 som referanseår, og dermed indirekte påstått at det ikkje fann stad menneskeleg påverknad før 1900. Dette er i alle tilfelle det Fairhead & Leach (1998) fann i sin studie av Vest-Afrika, og det er sannsynleg at det kan overførast til andre delar av kontinentet.

Ein går oftast ut frå at i dette referanseåret dekte skogen sitt «klimaks-område» eller hadde si potensielle utbreiing slik som Grainger (1996:175) og Alhassan (2004) viser til. Ved å rekna ut eit potensielt område ut frå klimatiske forhold og jordforhold, og samanlikna det med dagens skogdekke (som i seg sjølv er ganske usikkert) har ein funne ut at Vest-Afrika på 1900-talet har mista opp til 87 % av skogdekket (Fairhead & Leach 1998). Som ein kan sjå frå tabell 3, har Fairhead & Leach komme til at den reelle avskoginga i Vest-Afrika truleg har vore 20–41 % av det som ein før har trudd.

Noko av det dei baserer seg på når dei har undersøkt Vest-Afrika er den tidlegare refererte studien i Kissidougou i Guinea (frå (Fairhead & Leach 1995). Kull (2000) har komme til liknande resultat på Madagaskar. Der har den rådande «forteljinga» (engelsk: «narrative») vore dominert av ei tru på at Madagaskar sitt klimaks-naturmiljø slik det var før menneske kom, innebar nesten 100 % skogdekke. Konklusjonen har blitt at avskoging har fjerna opp til 90 % av skogdekket. Han viser at sjølv om store delar av den austlege regnskogen har blitt avskoga og framleis er trua av avskoging, er det samtidig lite truleg at storparten av øya som består av høgland nokon gong har vore heilt skogkledd.

Slike nye studiar stiller viktige spørsmål om kva som er årsakene til avskoging i Afrika, og kor mykje skogen faktisk er redusert. Både på Madagaskar og i Vest-Afrika er det lokalbefolkninga som har fått skulda for at 50–90 % av skogen er borte. Spørsmålet er om denne skogen faktisk har eksistert, og om det er lokalbefolkninga som har redusert den. På Madagaskar ser det ut til at kolonial tømmerhogst kan ha hatt veldig stor betydning (Kull 2000), og på Elfenbeinskysten har store koloniale folkeflyttingar hatt mykje å seia for avskoginga (Fairhead & Leach 1998).

Tabell 3: Føreslått revidering av avskoginsestimat 1900–1998 (millionar hektar)
Land Tradisjonelt WCMC Føreslått revisjon
av Fairhead & Leach
Elfenbeinskysten 13 20,2 4,3–5,3
Liberia 4–4,5 5,5 1,3
Ghana 7 12,9 3,9
Benin 0,7 1,6 0
Togo 0 1,7 0
Sierra Leone 0,8–5 6,7 ca. 0
Total 25,5–30,2 48,6 9,5–10,5
Tabell 3: Frå Fairhead & Leach 1998. «World Conservation Monitoring Centre» (WCMC) sine estimat er presentert for seg sjølv på grunn av at dei er veldig mykje høgare enn andre estimat.

Nyare avskoging[endre | endre wikiteksten]

Veit ein noko meir om dagens avskoging i Afrika? Er det slik at «det er indikasjonar på at det kanskje ikkje blir noko att for ettertida» (Alhassan 2004:2)?. Det som kanskje er største problemet når ein skal svare på dette spørsmålet er mangelen på heilt grunnleggjande data om skogdekket (Alhassan 2004: 6).

FAO er den klart dominerande kjelda for informasjon om verdas skogsressursar. Problemet har alltid vore og er det framleis i dag at dataa er for upålitelege, definisjonane ulike, og at FAO oftast må basera seg på gamle undersøkingar (median for FRA 2000 var 1991) og «ekspertmeiningar». I tabell 1 kan ein sjå korleis FAO sitt estimat for kor mykje skog det var i Afrika i 1990 har svinga mellom 545, 539 og 703 millionar hektar i undersøkingar publisert i høvesvis 1993, 1997 og 2001 – og dette utan store definisjonsendringar. Ein kan sjå at i 1981 vart det estimert at tropisk Afrika hadde 703 millionar hektar skog i 1980, og tjue år seinare blir det estimert at heile Afrika hadde like mykje skog i 1990.

Dette er tal som blir brukt og referert til i mange, innflytnadsrike og populære verk av til dømes Verdsbanken (WB), WRI, FAO og andre FN-organisasjonar. Samtidig har FAO sidan FRA 1990 også gjort undersøkingar med satellittbilete som basis. Sidan desse berre har dekt den tropiske delen av verda, ikkje har gjeve tal for kvart enkelt land og kanskje også fordi dei har sprika så mykje frå hovudundersøkinga, har den ikkje blitt tillagt vekt. Resultata som vart delvis publisert i FRA 1990 og FRA 2000 som «pan-tropical survey», er henta frå ein ny database på FAO sine internettsider. Dei er her representert som «FAO 2004» i tabell 1 og 2. Ettersom undersøkinga baserer seg på «Landsat»-satellittbilete frå berre 10 % av landarealet i den tropiske delen av verda, teke rundt 1980, 1990 og 2000, har den blitt kritisert for å vera usikker (Matthews 2001).

I seinare tid har det komme fleire undersøkingar som baserer seg på satellittbilete. To av dei er støtta av EU og er i tabell 1 og 2 representert som «TREES-I» og «TREES-II». Achard (2002) brukte i TREES-II, satellittbilete frå fleire ulike satellittar med god oppløysing (standard 1,1 km, men ned til 20 m). Den siste undersøkinga er ei NASA-støtta undersøking som er representert som «AVHRR» (Advanced Very High Resolution Radiometer). DeFries (2002) brukte AVHRR satellittbilete med 8 km oppløysing for kvart år i perioden 19841997 og korrigerte det med Landsatdata.

Medan FAO og DeFries har gjeve statistikk for «tropisk Afrika» har Achard konsentrert seg om «fuktig tropisk Afrika» (sjå figur i Sciencemag.org-artikkel som viser storparten av området som vart undersøkt). Då tropisk Afrika dekkjer storparten av kontinentet med betydeleg skogdekke (sjå figur frå FRA 2000 på fao.org Arkivert 2004-12-20 ved Wayback Machine. og tabell 2), har nok ikkje-tropisk Afrika lite å seia for statistikken.

Av dei nye undersøkingane er det nok TREES-II som gjev dei mest pålitelege verdiane, ettersom dei har brukt flest og mest nøyaktige satellittbilete og har korrigert ved hjelp av observasjon på «sample sites» som vist i figur i Sciencemag.org-artikkel. Men sidan denne undersøkinga berre dekkjer ein mindre del av Afrika og konsentrerer seg om «dense forest» gjev den ikkje heile biletet og kan ikkje samanliknast direkte med annan statistikk.

Også desse nye undersøkingane bør lesast med feilmarginar i mente: satellittbilete kan forstyrrast av skydekke, bileta kjem frå ulike periodar som kan vera ukompatible og FAO si undersøking estimerer som sagt berre ut frå bilete 10 % av av området dei gjev data for. AVHRR-verdiane for avskoging som er presentert i tabell 2 for 80 og 90 åra (høvesvis -0,28 og -0,38 millionar hektar) skjuler difor ein skala på høvesvis 0-0,65 og 0-0,66 m ha. TREES-II tala skjuler ein feilmargin på 0,3 m ha som i motsetnad til AVHRR-undersøkinga er lite samalikna med dei andre kontinenta.

Når ein så skal oppsummera kan det vera nyttig å sjå på FAO sine dokument om plantasjar. Desse viser at område som allereie har lite skog (desse kan samanfattast som dei landa som ikkje blir definerte som del av tropisk Afrika) har forholdsvis mykje plantasjar, og nokon land aukar også sitt skogdekke (FAO 2001). Dersom ein skal ta FRA 2000 alvorleg så er store delar av skogen i land som Algerie, Kapp Verde, Egypt, Libya, Sør-Afrika, Eswatini og Tunisia allereie plantasjar og areal dekt av skog har stige frå 1990 til 20005. Som ein kan sjå frå figur på fao.org Arkivert 2004-12-20 ved Wayback Machine. dekkjer desse landa storparten av det som ikkje er tropisk Afrika. Slik kan ein konkludera at når ein skal snakka om avskoging totalt sett i Afrika er det nok tenleg å konsentrera seg om tropisk Afrika.

Ettersom TREES-II undersøkinga ikkje brukar same definisjon og ikkje dekkjer heile Afrika, kan den vanskeleg brukast til å finna noko samanliknbart tal for heile tropisk Afrika. Då står ein att med FAO sin FRA 2000-rapport basert på nasjonal statistikk og FAO si «pan-tropical» satellittbilete-undersøking. Afrika har då truleg ein stad mellom 484 og 650 millionar hektar skog etter FAO sin definisjon.

Kor fort skogen minkar er eit heilt anna spørsmål. Som ein kan sjå frå tabell 2 er det store sprik mellom tala. Avskogingstakten har gått ned etterkvart som undersøkingane har blitt publiserte. Dei mest aktuelle viser frå 0,28 til 2,38 m ha årleg avskoging i 1980-åra og 0,38 til 5,26 i 1990-åra. Dersom ein ser bort frå FRA 2000-dataa og konsentrerer seg om satellittbilete-undersøkingane for tropisk Afrika, blir ikkje skalaen like stor. AVHRR-undersøkinga skjuler ein stor feilmargin (0–649 i 1980-åra, 0–662 i 1990-åra), men vil sjølv om ein reknar inn denne vera langt under FAO sine tal. DeFries si undersøking er truleg meir påliteleg enn FAO, fordi DeFries har brukt bilete frå kvart år for heile området, medan FAO har brukt 3 bilete frå 45 «sampling units»6 som for heile det pan-tropiske området dekkjer 10 % av arealet som blir undersøkt.

Men det som er nyttig å vita i afrikansk samanheng er kor det er mest avskoging. Dette har TREES-II-undersøkinga illustrert bra. Dei raude felta i figuren i Sciencemag.org artikkelen viser «hot spots» for avskoging som er område der avskoginga går fort.

Avskoging i Afrika (per år)
Studie Periode Afrika Tropisk Afrika Fuktig tropisk
Afrika


m ha % m ha % m ha %
FRA 1990a 1980–1990 -4,23 - -4,10 -0,70 - -
FAO 1997 1980–1990 -4,12 - -4,10 - - -
FRA 1990b 1980–1990 - - -3,88 - - -
AVHRR LP 1980–1990 - - -0,28 - - -
FAO 2004 1980–1990 - - -2,38 -0,45 - -
FAO 1997 1990–1995 -3,75 -0,70 -3,70 -0,70 - -
TREES-II 1990–1997 - - - - -0,71 -0,36
FRA 2000 1990–2000 -5,26 -0,80 -5,20 - -1,20 -
AVHRR LP 1990–2000 - - -0,38 - - -
FAO 2004 1990–2000 - - -2,15 -0,43 - -
Tabell 2: FRA 1990a frå FAO 1993. FRA 1990b, AVHRR LP og verdien for «tropisk Afrika» under FRA 2000 frå DeFries med fleire 2002a. TREES-II og verdien for «fuktig tropisk Afrika» under FRA 2000 frå Achard med fleire 2002a og 2002b. Verdiane for «Afrika» under FRA 2000 frå FAO 2001.

«Tropisk Afrika» omfattar minimalt ulike område for FRA 1990a, FAO 1997 og resten av studiane. Kor stor skilnaden er kan eventuelt sjåast frå skilnaden mellom FRA 1990a og 1990b. Feilmarginar er ikkje tekne med.

Utheva tal er dei som er «aktuelle», altså dei som det frå kjelda si side blir lagt vekt på. Tala er rangert etter år dei skal gjelde for og deretter utgjevingsår, slik at ein skal kunna sjå korleis tala for same år har variert over tid. Ettersom tala frå FAO 2004 har vore delvis publisert tidlegare kan plasseringa av desse vera litt misvisande.

Avskoging i framtida, løysingar[endre | endre wikiteksten]

Det er store regionale skilnader på avskogingstakten i Afrika. Område som allereie har lite skog i sør og nord ser ut til å ta konsekvensen av dette og etablerer plantasjar. Etterkvart som landa ser fordelane med dette og dersom ein går ut frå ei generell positiv økonomisk og demokratisk utvikling er det sannsynleg at desse områda vil halda seg på same nivå eller eventuelt planta endå meir skog. FAO meiner det er lite gjenverande plantasjepotensial i Sør-Afrika, men at land som Zimbabwe og Mosambik har potensial. I små folkerike land med lite skog som Burundi og Rwanda ser ein også tendensar til at skog blir dyrka for å dekkja etterspørsel etter ved. (FAO 2003). I forhold til dei tropiske skogane i Sentral-Afrika er det likevel små område ein her snakkar om.

På Madagaskar og i Sentral-Afrika er truleg mykje avhengig av korleis den samfunnsmessige utviklinga elles er. På Madagaskar er håpet fornya om at om ikkje anna befolkninga der skal få betre del i inntektene, no etter at det gamle regimet er kasta. I Sentral-Afrika ser derimot framtida mørkare ut. Som ein kan sjå frå figuren i Sciencemag.org-artikkelen er det der det er mest tropisk skog, og i land som Kamerun, DR Kongo, Kongo og Gabon at avskogingspresset er størst. DR Kongo som i mars og juni gjekk gjennom to mislukka kuppforsøk er framleis ustabilt. Samtidig er det allereie no gitt løyve for felling av nesten 45 millionar hektar skog i DR Kongo «med lite sosioøkonomiske fordelar for det kongolesiske folket» (WB 2004, vår omsetjing). Dette gjeld også for resten av Sentral-Afrika inkludert Gabon. Ifølgje WRI (2002:9) er det seld løyve for felling av 45 % av skogen (som definert i TREES 2000) i Sentral-Afrika og 71 % i Den sentralafrikanske republikk og DR Kongo.

Dersom inntektene frå felling av tropisk skog i Afrika går til internasjonale selskap, korrupte regjeringar og krigføring samtidig som tallause plante- og dyreartar går tapt, er det klart at dette er ei stor ulukke for lokalbefolkninga og verdssamfunnet. Utviklinga i Sentral-Afrika er altså sterkt avhengig av den økonomiske og samfunnsmessige utviklinga i regionen. Ifølgje TREES undersøkinga er også delar av skogen i Liberia og Elfenbeinskysten trua. Med tanke på ustabiliteten i desse landa er også framtida i denne regionen usikker, sjølv om det kan framhevast at krig kan virka «konserverande» slik som i DR Kongo der «faktisk tømmerproduksjon stod mellombels stille på grunn av krig og dårleg infrastruktur» (WB 2004, vår omsetjing) mellom 1997 og 2002.

Elles er det positive tendensar som peikar mot at vedhogst ikkje vil gå ut over det samla skogdekket, men vil bli erstatta av andre energikjelder og plantasjeproduksjon. Alt i alt ser framtida både lys og mørk ut, det meste heng saman med den generelle utviklinga i Afrika. Dersom ein oppnår ei god demokratisk utvikling kan også skogsressursane fordelast demokratisk til det beste for lokalbefolkninga. Det er jo afrikanarane sin skog det er snakk om.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Metodologiske endringar og endringar i informasjon hadde også betydning.
  2. Full definisjon frå FRA 1990 (FAO 1993:Annex 2): Utvikla land: «Forest Land: with tree crown cover (stand density) of more than about 20 % of the area. Continuous forest with trees usually growing more than about 7m in height and able to produce wood. This includes both closed forest formulations where trees of various storeys and undergrowth cover a high proportion of the ground and open forest formulations with a continuous grass layer in which tree synusia cover at least 10 % of the ground.» Utviklingsland: «Forests are ecological systems with a minimum crown coverage of land surface (here assumed as 10 percent) and generally associated with wild flora, fauna and natural soil conditions; and not subject to agronomic practices. For the present assessments, a tree is defined as a woody perennial with a single main stem (except in coppice crops where multiple stems replace a single stem), a more or less definite crown and a minimum height of more than 5 meters on maturity. Only forest areas more than 100 ha (minimum area) are considered.»
  3. Ifølgje Matthews (2001), vert skog i Australia i FRA 2000 definert med 20 % trekrunedekke og ikkje 10 %. Sidan skogsområdet for Oseania i FRA 1990 og FRA 2000 for 1990 auka med +129 %, impliserer dette at skog var endå strengare definert i FRA 1990.
  4. Det blir her referert til Kyoto-protokollen som har som mål å innføre CO2-kvotar. Ettersom 1990 er referanseåret for dette reknestykket har det veldig mykje å seie kor mykje skog kvart land hadde i 1990.
  5. Sør-Afrika hadde 0,2 % avskoging per år.

Kjelder[endre wikiteksten]

  • Achard, Frédéric, Hugh D. Eva, Hans-Jårgen Stibig, Philippe Mayaux, Javier Gallego, Timothy Richards & Jean-Paul Malingreau (2002a): Determination of The World’s Humid Tropical Deforestation Rates during the 1990’s - Methodology and results of the TREES-II research programme. Luxemburg: European Comission Joint Research Centre. [1]
  • Achard, Frédéric, Hugh D. Eva, Hans-Jårgen Stibig, Philippe Mayaux, Javier Gallego, Timothy Richards & Jean-Paul Malingreau (2002b): Determination of Deforestation Rates of the World’s Humid Tropical Forests. I Science, Vol. 297, 9. august 2002. Side 999–1002. [2]
  • Adams, Martin E. (1996): Savanna Environments. I Adams med fleire.
  • Adams, W. M., A. S. Goudie & A. R. Orme (1996): The Physical Geography of Africa. New York: Oxford University Press.
  • Alhassan, Osman (2004): Deforestation and wood fuel energy in Africa, with a focus on Ghana. Leksjon frå AFR 6002/1002. NTNU: 27.01.2004. Ikkje publisert utanfor NTNU.
  • BBC News (2004): «DR Congo 'coup attempt put down'». London: BBC News UK edition. [3] (versjon frå 30.10.2005)
  • DeFries, Ruth S., Richard A. Houghton, Matthew C. Hansen, Christopher B. Field, David Skolei & John Townshend (2002a): Carbon emissions from tropical deforestation and regrowth based on satellite observations for the 1980s and 1990s. I PNAS, 29. oktober 2002, vol. 99, nr. 22. side 14256–14261. [4]
  • DeFries, Ruth & Frédéric Achard (2002b): New estimates of tropical deforestation and terrestrial carbon fluxes: results of two complementary studies. I LUCC newsletter. Nr. 8, desember 2002. Side 7–9. [5]
  • Fairhead, J & Leach, M (1995): Local agro-ecological management and forest-savanna transitions: the case of Kissidougou, Guinea. I Binns, T. (eds.) People and Environment in Africa. John Wiley & sons, 1995. S. 163–170.
  • Fairhead, J & Leach, M (1998): Reframing Deforestation, Global analyses and local realities: studies in West Africa. London: Routledge.
  • FAO (1948): Forest resources of the world. I Unasylva, Vol. 2, nr. 4. July-August 1948. Washington, D. C.: FAO. [6]

Fleire kjelder