Avtalerett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Avtaleretten dreier seg om spørsmålet: er partane bundne – og om dei er det, kva er innhaldet og verknadene av bindinga? «Avtalerett» blir ofte brukt om avtaleinngåing, medan «kontraktsrett» ofte blir brukt om innhaldet og verknadene av desse avtalane.

Som hovudregel har privatpersonar fridomen til å inngå kva avtalar dei vil, dersom partane har kompetanse til det og omstenda rundt avtaleinngåinga og sjølve innhaldet i avtalen tilfredsstiller rettsordenen. Reglane om inngåing (binding) av avtaler er generelle reglar som ikkje har noko med innhaldet i avtalen å gjere. Spørsmålet om ein avtale er inngått er i ei rekkje land regulerte av ulovfesta rett forankra i rettspraksis og teori.

Om avtalen er bindande, blir spørsmålet kva for verknader og innhald avtalen har. Reglane om avtalen sitt innhald og verknader ved t.d. kontraktbrot er regulert av lovfesta og ulovfesta rett. Sjå t.d. på reguleringa av kjøpar og seljar si rettsstilling i norsk rett i kjøpslova. Sjå også avtl. §28 flg.[1]

Grunnprinsipp i norsk avtalerett[endre | endre wikiteksten]

I avtaleretten finst det ein del grunnleggjande prinsipp som kjem av tradisjon, teori, ulovfesta rett, rettspraksis og lovgjeving.

Eitt av desse prinsippa er avtalefridomen, som er prinsippet om at alle myndige borgarar kan avgjere i) om dei vil inngå avtale, ii) med kven dei vil inngå avtale og iii) kva som skal vere innhaldet i avtalen.

I seinare tid har ideane rundt avtalefridomen gått frå å fokusere på såkalla fridom frå regulering – at styresmaktene blandar seg minst mogeleg inn i den privatautonome sfæren – til ein ide om fridom gjennom regulering. Svake partar sin fridom aukar ved vern gjennom regulering ved det at lovgjevar set ned nokre grunnreglar som skal hindre at svake partar utnyttast. Avtalar ektemakar gjer seg imellom om formuesordninga er òg i stor grad regulert ved lov, sjå økonomisk familierett.

Eit gammalt dilemma når det kjem til avtalelovgjeving er kva som skal leggjast størst vekt på av rettsvisse og fleksibilitet. Hovudregelen er at avtalar skal haldast "saasom de indgangne ere”, jf. Kong Christian den femtis norske lov av 1687 5-1-2. Eit slikt grunnleggjande prinsipp sikrar ein stor grad av rettsvisse for avtalepartane, som godt kan vite kva det er dei har å har å halde seg til. Men kva om ei brå og uføresett rentesvinging gjer avtalen svært byrdefull  for den eine parten, til den grad at han vil slite med å kunne oppfylle sin del av avtalen utan å ramme seg sjølv og eigne interesser svært alvorleg? Kan avtalen endrast eller setjast til side på dette grunnlaget? Her finst det ikkje noko eintydig svar.

«Lemping» – altså endring eller tilsidesetjing når avtalen har blitt ”urimelig byrdefull” for ein part etter avtl. §36 – er eit alternativ som sikrar fleksibilitet i kontraktlovgjevinga. Terskelen for slik lemping er høg.

Eit anna vilkår er forventingsprinsippet, som kort fortald går ut på at det er forventinga  til den som mottek eit tilbod som er avgjerande for korleis avtalen ser ut, ikkje kva som har vore tilbydaren sin vilje – intensjon – at tilbodet (og dermed avtalen) skulle vere. Forventinga utsegna frå tilbydaren – tilbodet - skaper hjå motparten kallast «erklæring».

Lojalitetsprinsippet er ideen om at ein avtalepart skal ta omsyn til den andre parten. Dette kallast ofte eit prinsipp om ”god forretningsskikk, og handlar om den eine avtaleparten sin eigeninteresse vs omsynet til den andre parten. Frå eit EU-direktiv følgjer det eit kontraktsrettsleg klarleikskrav i forbrukaravtalar som krev av vilkåra i ein slik avtale skal vere klare og tydelege.

Lojalitetsprinsippet kan òg krevje at ressurssterke partar råder svake partar til ikkje å inngå avtalar som vil vere skadelege for dei.

Avtaler er gjensidig bindande, og dette er eit styrande prinsipp i avtaleretten. Partane er i samband med dette òg pliktige til å sørgje for at ytingane dei imellom er høvesvise. Den mest vanlege forma for ein slik avtale er sal av ein gjenstand mot vederlag.

Avtalelova[endre | endre wikiteksten]

Avtalelova regulerer inngåing av avtalar, fullmakt og ugyldigheit. Avtaleretten er samansett av avtalelova og ulovfesta reglar, noko som gjer han dels lovfesta, dels ulovfesta.

Lova gjeld på formueretten sitt område. Formueretten er ein del av privatretten som omfattar formuerett, familierett, arverett og personrett. Familierett, arverett og personrett dekkjast ikkje av avtalelova.

Formueretten handlar om privatrettslege reglar for økonomiske gode. Eit kjenneteikn ved rettane som blir behandla i formueretten er at dei kan overførast til andre ved sal. Tingsretten høyrer inn under formueretten. Tingsretten regulerer eigarar og andre rettshavarar sin  råderett over fast eigedom eller andre objekt.

Familieretten behandlar personlege rettar som ikkje er omsetjelege ved avtale, som t. d born sin rett til omsorg frå foreldra sine. Arveretten regulerer økonomiske spørsmål ved daude og skilsmisse. Det finst ikkje noko generelt svar på om avtalelova sine reglar kan brukast analogisk på t. d skilsmisse eller arvetvistar, og vil kome an på om analogisk bruk av regelen fører til ei god løysing.

1. kapittel i avtalelova kan i stor grad seiast å regulere visse partsutsegner: tilbod og aksept. Meir spesifikt regulerer 1. Kap når tilbydaren og akseptanten blir bundne av avtalen. Det følgjer av avtl. §1 at reglane i kapitlet er deklaratoriske. Det vil seie at ein kan avtale seg bort frå reglane. ”Handelsbrug eller anden sedvane” kan òg går framfor 1. Kap, om dette er gode reglar som varetek partane sine interesser, har brei konsensus blant aktørane og har vore i bruk lenge.

2. kapittel regulerer fullmakt. Spørmsmålet om reglane i kapitlet er deklaratoriske eller preseptoriske, men partane har ikkje høve til å avtale seg bort frå reglane som vernar om ”tredjemand” – medkontrahenten.

Det følgjer av forarbeida til avtalelova at reglane i 3. kapittel om ugyldigheit er preseptoriske. 3. kapittel har eit større omfang enn 1. kapittel sidan det regulerer ”ugyldige viljeserklæringer”. Ei ”viljeserklæring” er ei forpliktande utsegn på formueretten sitt område, som t. d ei oppseiing eller eit gåveløfte. Ei ugyldig viljeserklæring fører til at avtalen ikkje lenger er gyldig, og partane er ikkje lenger bundne av han.

Ved tvistar i samband med internasjonale transaksjonar oppstår det ofte eit spørsmål om kva land sin rett som skal brukast for å løyse tvisten. Reglane for lovval går inn under den internasjonale privatretten. Lovval er ein eigen rettsdisiplin på lik line med avtaleretten.

Ved internasjonale kjøp skal som hovudregel avtaleretten i heimstaden til seljaren gjelde. Ved forbrukarkjøp har det likevel i seinare år vore ei utvikling mot at det er avtaleretten i landet til forbrukaren som skal gjelde.

Partar i ein avtale står fritt til å avtale seg imellom kva for avtalerett som skal regulere tvistar før, under og etter inngåing av avtalen.

Utviklingstrekk[endre | endre wikiteksten]

Fokuset på eit større vern for ressursvake partar i avtaleretten er eit kjenneteikn på ei utvikling mot det som kallast ”sosial kontraktsrett”. Dette kjem av at lovgjevar har forsøkt å avgrense høva ressursterke partar har til å misbruke kontraktfridomen. Som del av dette har ein part sin ”status” fått meir å seie for kva delar av regelverket som er deklaratoriske eller preseptoriske. Eit døme på ulik status er skilnaden mellom forbrukar og næringsdrivande. Reglane som vernar forbrukaren er preseptoriske. Når røynde næringsdrivande skal gjere avtalar seg imellom er større delar av regelverket deklamatorisk. Terskelen for lemping er òg høgare mellom kommersielle aktørar, ut av eit stort behov for rettsvisse på området. Avtalelova i seg sjølv er i all hovudsak statusnøytral, men inneheld ulike «skjønnstema». Eit slikt tema kan t. d vere om noko er «redeleg», jf. avtl. §33.

Historisk har avtaleretten gått frå å vere eit sett med generelle ulovfesta reglar til å bli meir og meir spesialisert. Døme på dette er husleigelova, handtverkarlova osb. Somme ”frie yrke” – som advokatar, ingeniørar osb. – er framleis regulerte av ulovfesta reglar.

Det internasjonale aspektet ved kontraktsretten gjer seg meir og meir gjeldande. I lange tider har det herska ein kontraktrettsleg rettslikskap i norden, der eit samsvarande verdigrunnlag har gjort det til ei enkelt oppgåve å harmonisere lovgjevinga landa imellom.

Ved kjøp over internasjonale landegrenser er det FN-konvensjonen om internasjonale lausøyrekjøp – betre kjend som CISG – som gjer seg gjeldande. Reglane i CISG er bindande for Noreg, og er inntekne i norsk rett gjennom transformasjon, og kjøpslova er skriven for å harmonisere med konvensjonen i størst mogeleg grad.

I framtida er det mogeleg av CISG blir innteke ved inkorporasjon i staden for transformasjon. Konvensjonen sin originaltekst vil då bli hovudkjelde for tolking av alle tilfelle som fell inn under verkeområdet for CISG, i staden for kjøpslova.

Norsk rett følgjer eit tospora system når det kjem til reglane om avtaleinngåing, der tilfelle som fell inn under CISG blir regulerte av konvensensjonen (med konvensjonen sin originaltekst som hovudkjelde), medan alle andre tilfelle blir regulerte av avtalelova, som t. d avtalar om kjøp mellom to partar som driv forretningane sine frå nordiske land.

I internasjonal kontraktsrett finst det òg fleire nedfelte prinsipp. Blant desse har vi UNIDROIT-prinsippa, som er ikkje-bindande tilrådingar til lovgjevarar og avtalepartar ved utforminga av internasjonale kommersielle avtalar.

I denne kategorien finn vi òg dei ikkje-bindande European Principles, som i tillegg til å gjelde kjøp over landegrenser, òg tek føre seg forbrukaravtalar.

Til sist har vi Draft Common Frame Reference (DCFR), som er eit forsøk på å nedfelle eit sett med felles europeiske kontraktsrettslege prinsipp.

Vekta av desse prinsippa kan ikkje kvile på den formelle autoriteten deira, sidan dei ikkje er bindande. Andre argument som kan tale for bruken av dei, er m. a tilfelle der avtalepartane har lagt prinsippa til grunn i avtalen. Det kan og hende at partane har lagt til grunn ”internasjonale kontraktsrettslege prinsipp”. I tilfelle der noko slikt ikkje er nemt i det heile, vil vekta av desse prinsippa avhenge av om dei tilbyr ei god og balansert løysing som kanskje ikkje finst i eit aktuelt nasjonalt regelverk.

Dei internasjonale konvensjonane Noreg har underskrive vedrørande menneskerettar, påverkar òg norsk kontraktsrett. Dette kan t. d vere forbodet mot diskriminering på bakgrunn av kjønn og etnisitet i m. a utlysing av leilegheit osb.

Men kva vekt skal eigentleg internasjonale rettskjelder ha i norsk rett? Det kjem an på om – eller korleis – kjelda er innteke i norsk rett. Ei lov gjeve i samsvar med ein internasjonal avtale gjev t. d den avtalen lovs kraft i Noreg. Eit døme på dette kan vere avtalar Noreg har skrive under på i samband med FN-samarbeidet.

Direktiv frå EU som omhandlar kontraktrettslege forhold blir inntekne i norsk rett via transformasjon. Eit godt døme på dette er forbrukarkjøpslova (2002), som kjem av EU-DIR-1994/44 om forbrukarkjøp.

Forordningar frå EU blir inntekne gjennom inkorporasjon, som vil seie at lovgjevar vedtek ei lov som slå fast at «følgjande forordning gjeld som norsk lov». Det er då originalteksten til forordninga som skal tolkast. Ved tolkinga av t. d avtl. §36 i eit tilfelle som er regulert av eit EU-direktiv, vil rettspraksis frå EU og originalteksten i direktivet tilleggjast stor vekt.

Ved tolkinga av lovgjeving frå EU som har blitt innteke i norsk rett, er det eit mål å tolke så EU-konformt som mogeleg innanfor EØS-området. Om EU kjem med eit direktiv med krav som Noreg meiner allereie er oppfylte i norsk rett – og difor ikkje gjer endringar – blir dette kalla passiv transformasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Giertsen, Johan (2014). Avtaler. Oslo: Universitetsforlaget. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]