Awalielva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Awali
elv
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Nedslagsfelt 294 km²
Lengd 48 km
Middelvassføring 10,1625 /s
Kjelde Barouk- og Nihafjella i Libanon
Munning Middelhavet

Awalielva
33°35′20″ N 35°23′10″ E
Wikimedia Commons: Awali (river)

Awali (arabisk نهر الأولي, Nahr al-Awalī) er ei fleirårig elv som flyt i det sørlege Libanon.[1] I antikken vart ho kalla Asclepius. Elva er 48 km lang og spring ut i Baroukfjellet i ei høgd på 1492 meter over havet, og Nihafjellet. Awali har to sideelvar, Barouk og Aaray. Awali vert òg kalla Bisri i den øvre delen. Ho flyt nedover vestsida av Libanonfjella og ut i Middelhavet. Awali har ei middelvassføring på 10,1625 kubikkmeter i sekundet og drenerer eit område som dekkjer 294 kvadratkilometer.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]