Awarua Wetland

Koordinatar: 46°33′47″S 168°35′44″E / 46.563109°S 168.595505°E / -46.563109; 168.595505
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Awarua Wetland
verneområde
Land  New Zealand
Region Southland
Kart
Awarua Wetland
46°33′47″S 168°35′44″E / 46.563109°S 168.595505°E / -46.563109; 168.595505

Awarua Wetland er eit 20 000 hektar stort våtmarksområde i regionen SouthlandNew Zealand. Staden, som opphavleg hadde eit areal på om lag 3 500 hektar, vart utpeika til å vera av internasjonal interesse etter Ramsar-konvensjonen, og oppretta som ramsarstad i 1976, under namnet Waituna Wetlands Scientific Reserve.[1]

Dette våtmarksområdet er unikt på New Zealand, då det også omfattar privateigd grunn (familiane Gamble, Nicol og Rance).[2]

I det nordaustlege hjørnet til Toetoes Wetlands ligg eit område med naturleg buskvokster på om lag 25 hektar, som saman med andre kratt-tilvaksne område i nærleiken er tillagt verneorganisasjonen QEII Trust (Queen Elizabet II National Trust) av familien Nicol.[3] Sjølv om dette området eigentleg ikkje er «ekte» våtmark, er det eit område med naturleg vegetasjon, der ein umodifisert bekk renn frå våtmarka gjennom dette upåverka området inn i Mataura-elva. Det er ein liten fristad for den minkande førekomsten av naturleg ferskvassfisk.

Intensivt landbruk i i tilsigsområdet til våtmarka har ført til uro for at Waituna Lagoon, som er ein del av våtmarksområdet, snart kan koma til å lida under eutrofiering.[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. R.M. Thompson og G.R. Ryder (red.). «Waituna Lagoon: summary of existing knowledge and identification of knowledge gaps» (PDF). New Zealand Department of Conservation. s. 6. 
  2. «Minister attends wetlands ceremony». The Southland Times. 31. januar 2009. Henta 14. juli 2020. 
  3. Ramsar Article 2.1 site 102
  4. «Waituna». Environment Southland. Arkivert frå originalen 13. februar 2012. Henta 14. juli 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

46°33′47″S 168°35′44″E / 46.563109°S 168.595505°E / -46.563109; 168.595505