Axel Thallaug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Axel Andreas Thallaug)
Axel Thallaug

Fødd15. april 1866
Lillehammer kommune
Død16. mars 1938 (71 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, advokat
Alle verv

Axel Andreas Thallaug (15. april 186616. mars 1938) var ein norsk jurist og Høgre-politikar frå Lillehammer. Far hans var kjøpmann og brukseigar.

Thallaug vart student frå Lillehammer skole i 1884 og cand. jur. i 1889. Han var i 1890 fullmektig hos byfuten i Hamar og 1890-91 hos sorenskrivaren i Nord-Gudbrandsdal og 1891-94 hos sorenskrivaren i Sør-Gudbrandsdal. Frå 1894 var han overrettssakførar i Lillehammer.

Thallaug var medlem av bystyret i Lillehammer frå 1894, ordførar 1896-97, 1903-04 og 1912-22. Han var styreformann i Lillehammer bryggeri og brenneri, samt nestformann i De Sandvigske Samlinger. Elles var han oppteken av fredssaka, deltok i Paris-delegasjonen i 1904 og på fleire interparlamentariske konferansar i utlandet i åra før 1914.

Frå 1903 til 1918 var Thallaug stortingsrepresentant for Høgre. Han representerte den fyrste valperioden byane Hamar, Lillehammer og Gjøvik, ved seinare val representerte han i tillegg til dei tre mjøsbyane også Kongsvinger. Han var medlem av protokollkomiteen 1903-06, formann i 1906. Frå 1906 var han jamt medlem av Lagtinget, visepresident 1910-12. Elles stadig medlem av konstitusjonskomiteen frå 1906, nestformann frå 1909. I 1907 var han medlem av komiteen om reguleringa av Mjøsa, 1910-15 av valkomiteen. År 1906 var han medlem av Stortinget sin deputasjon ved kryninga av den nye kongen i Trondheim. I 1914 var han formann i Stortinget sin jubileumskomite i høve 100-årsfeiringa av den norske grunnlova.

Medlem av Nobelkomiteen frå mars 1931 til desember 1933.

Thallaug vart tildelt 7. juni-medaljen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914