Axel Ender

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Axel Ender
Fødd 14. september 1853
Asker
Død

10. september 1920
Christiania

Yrke kunstmålar, bilethoggar
Axel Ender på Commons

Axel Hjalmar Ender (14. september 185310. september 1920) var ein norsk målar og bilethoggar frå Asker.[1]

Ender var frå 1867 til -71 elev under Julius Middelthun på Tegneskolen i Kristiania. Sidan studerte han ved kunstakademia i Stockholm, 1872-74, og i München, 1875-80.[1]

Vinterutflukt
Tordenskjold-statuen i Oslo

Målaren Ender hadde sans for nasjonalromantikken og laga ei rad måleri med idealiserte framstillingar av folkelivet i Noreg. Bilete som Kanefart på Mjøsa, Gjeter møter kjentfolk på vei over fjellet, Sledekjøring på isen, En fin skidag, Høyet lastes på, Besøk på seteren og Mor og barn i Setesdals-drakter er typiske for måleri-produksjonen hans. Frå kring 1900 fann ein verk av Ender att på mangt eit julekort.

Han laga elles altartavler til Åsnes kyrkje (1876), Haug kyrkje i Ringerike (1878), Kampen kyrkje, Østre Porsgrunn kyrkje (1890), Lunner kyrkje (1904), Molde domkyrkje og Sundby kyrkje i Morsø i Danmark.

Ender laga statuen av Tordenskjold (1891-1901) som står på Rådhusplassen i Oslo, hans kanskje viktigaste verk. Dette arbeidet fekk han overraskande utføre, etter at Anders Svor hadde vunne den utlyste konkurransen. Ender mottok St. Olavs Orden for arbeidet.[1]

Han døydde i Kristiania.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Ole Rønning Johannesen (1982). «Ender, Axel Hjalmar». I Nasjonalgalleriet. Norsk kunstnerleksikon : bildende kunstnere, arkitekter, kunsthåndverkere. 1 : A-G. Oslo: Universitetsforlaget. s. 567. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]