Axel Heibergbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 85°25′S 163°0′W
Axel Heibergbreen
isbre
Axel Heiberg Glacier - Antarctica.JPG
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Fjellkjede Dronning Maudfjella
Stad Ross Dependency
 - koordinatar 85°25′S 163°0′W
Lengd 48 km
Munning Rossisen
Administrert under Antarktistraktaten
Axel Heibergbreen is located in Antarktis
Axel Heibergbreen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Axel Heiberg Glacier

Axel Heibergbreen i Antarktis er ein dalbre som er 48 km lang og som fell ned frå store høgder på Det antarktiske platået og ut i Rossisen mellom Herbert Range og Mount Don Pedro Christophersen i Dronning Maudfjella.

Denne store isbreen vart oppdaga i november 1911 av Roald Amundsen, som kalla han opp etter Axel Heiberg, ein norsk forretningsmann som støtta mange norske polekspedisjonar. Amundsen nytta denne breen på veg opp til polplatået då han som førstemann nådde Sørpolen.[1]

I motsetnad til store utløpsbrear som Beardmore-, Shackleton- og Livbreen, er Axel Heibergbreen i røynda ein fjellbre, avskoren frå platået av ein doleritt-kant og får berre is frå uvanleg mykje snøfall i sitt eige nedslagsfelt. Han har eit høgdefall på over 3000 meter over berre 30 km, det meste på berre litt over 11 km.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Axel Heibergbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).