Axis i ryggsøyla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Posisjonen til axis er vist i raudt

Axis, tappvirvelen og tidlegare epistropheus (C2, andre halsvirvel) er den andre halsvirvelen i ryggsøyla.[1] Ordet kjem frå latin axis som tydar «akse».

Den formar ein dreietapp som den fyrste halsvirvelen (atlas) kan rotera på.[1]

Det mest karakteristiske trekket ved knokkelen er det sterke utskotet (processus), dens axis, som oppstår perpendikulært frå den øvre overflata av kroppen. I nokre juridiske hengingar kan dens axis brekke og punktere den forlenga ryggmargen (medulla oblongata) og føre til død.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Holck, Per (13. februar 2009). «axis». Store Medisinske Leksikon. Store Medisinske Leksikon. https://sml.snl.no/axis. Henta 14. desember 2014. 
Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.