Ayanot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ayanot
landsby
Namneopphav: Kjelder
Land  Israel
Region Shfela
Distrikt Sentral
Kommune Gan Raveh
Koordinatar 31°54′56.88″N 34°46′5.15″E / 31.9158000°N 34.7680972°E / 31.9158000; 34.7680972
Folketal 240  (2011)[1]
Grunnlagd 30. mars 1930–12. januar 1932
 - Grunnlagd av Ada Maimon
Kart
Ayanot
31°54′57″N 34°46′05″E / 31.9158°N 34.768097222222°E / 31.9158; 34.768097222222
Wikimedia Commons: Ayanot
Nettstad: Ayanot.org.il

Ayanot (hebraisk skrift עֲיָנוֹת, tyder Kjelder) er ein ungdomslandsby sentralt i Israel. Han ligg nær Ness Ziona og høyrer til Gan Raveh regionale kommune. I 2011, hadde han eit folketal på 240.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ungdom studerer i Ayanot, 1948.

Landsbyen vart grunnlagd på eit område som vart kjøpt frå Ada Maimon og starta opp som ein opplæringsgard for jenter[2] i 1926. Landsbyen vart grunnlagd den 30. mars 1930, men ingen budde på staden før Maimon, ti jenter og ei vakt, flytta inn den 12. januar 1932. Fram til då hadde dei budd i Ness Ziona i nærleiken. Landsbyen vart kalla opp etter dei mange kjeldene i området, men somme kjelder hevdar namnet kjem frå Femte mosebok 8:7;

For Herren din Gud fører deg inn i eit godt land, eit land med rennande bekker, med kjelder og vassårer som spring fram i dalane og på fjellet.[3]

Jewish National Fund skreiv i 1949 at namnet kom frå arabisk.[2]

Under andre verdskrigen vart landsbyen ein jordbruksskule og tok inn unge overlevande frå Holocaust. I dag er han ein kostskule for 180 elevar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Locality File». Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. Arkivert frå originalen (XLS) 23. september 2013. Henta 9. oktober 2014. 
  2. 2,0 2,1 Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 9. 
  3. «Femte mosebok kapittel 8». bibel.no. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]