Ayelet HaShahar
Utsjånad
| Ayelet HaShahar | |||
| אַיֶּלֶת הַשַּׁחַר, Ayyelet HaShahar | |||
| landsby | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Distrikt | Nord distrikt | ||
| Kommune | Øvre Galilea | ||
| Koordinatar | 33°1′22.07″N 35°34′39.35″E / 33.0227972°N 35.5775972°E | ||
| Folketal | 1 565 (2012)[1] | ||
| Grunnlagd | 1915 | ||
| • Grunnlagd av | Europeiske immigrantar | ||
| Tilhøyrsle | Kibbutz-rørsla | ||
![]() Ayelet HaShahar 33°01′22″N 35°34′39″E / 33.022797222222°N 35.577597222222°E | |||
| Wikimedia Commons: Ayelet Hashahar | |||
| Nettstad: www.ayelet.org.il | |||
Ayelet HaShahar (hebraisk skrift אַיֶּלֶת הַשַּׁחַר) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg langs vegen mellom Rosh Pina og Metulla, kring 35 km sør for Kiryat Shmona og høyrer til Øvre Galilea regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 1 565.[1]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Landområdet som kibbutzen ligg på vart kjøpt av Jewish Colonization Association i 1892. Han vart først busett av immigrantar frå Europa i 1915 under Andre Aliyah.
Mot slutten av det britiske mandatet, var kibbutzen utgangspunkt for fleire Palmach-operasjonar.
Industri
[endre | endre wikiteksten]Ayelet HaShahar er ein av dei større fruktprodusentane i Israel. Dei driv òg med meieridrift og fjørkre, og har mange bikubar for honningproduksjon.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ayelet HaShahar» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2015.
- 1 2 «Locality File» (XLS). Israel Central Bureau of Statistics. 2012. Henta 25. februar 2014.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Heimeside (he)


