Aymaraer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flagget qullasuyu wiphala er symbol for aymarafolket.
Kvinner på øya Isla del Sol, Titicaca.
Foto: Claire Pouteau

Aymaraene er ei etnisk gruppe av urfolk i Andes i Sør-Amerika. Kring 2,3 millionar aymaraer lever i Bolivia, Peru, nordlege Chile og Argentina. Territoriet deira vart først kolonisert og assimilert i inkariket, seinare kolonisert av spanjolane på 1500-talet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein trur aymaraene har levd i det som i dag er Bolivia og dels òg i Peru i over 2000 år. Somme assosierer dei med den avanserte sivilisasjonen som fanst med senter i Tiwanaku, men samanfallet kan vere reint geografisk. Territoriet for aymarafolket, òg med det den gong historiske Tiwanaku vart erobra av quechuaer frå inkariket under Huayna Capac. Ein held det for sannsynleg at inkaene hadde sterk innverknad over aymaraene over ein lengre periode. Det er trekk ved arkitekturen i inkariket som syner ein påverknad frå Tiwanaku. Sjølv om aymarafolket var undersåttar under inkaene, kom dei aldri til å ta til seg språket quechua slik som vanleg var for andre folkegrupper i riket.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

I området kring Titicaca finn ein aymaraene, og då med ein konsentrasjon sør om sjøen. Det urbane senter El Alto ligg nær hovudstaden i Bolivia, La Paz. Byen har ein folkesetnad på ca. 750 000 personar. Utanom dette senteret lever aymaraene på landsbygda og i småbyar som «campesinos», spreidd rundt på Altiplano.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Aymara er språket for aymarafolket, men spansk er dominant i regionen kor aymaraene lever, så mange har spansk som språk nummer to. Flagget Wiphala er eit symbol for aymaraene; det er eit kvadrat sett saman av 7x7 mindre kvadrat i diagonale striper av sju ulike farger. Aymaraindianarane dyrkar og tygg kokablad. Dette er ein fleire hundreår lang skikk som er knytt til tradisjonell medisin og religiøse ritual. Koka er offergåver til solguden Inti og til jordgudinna Pachamama. Kokadyrking vert motarbeidd av styresmakta av di koka kan nyttast som råstoff i kokainproduksjon. I de seinaste åra har koka verte eit symbol for kulturell identitet i heile Andesområde.

Aymaraene som bur på øyer i Titicaca nyttar sivbåtar og har lenge hald i hevd kunne om å byggje sterke og pålitande sivbåtar. To aymaraer bygde «Ra-II» som Thor Heyerdahl og mannskapet hans segla over Atlanteren med stor suksess i 1970. Som kjent var det mangel på innsikt i byggjekunst som gjorde at den første båten «Ra-I» gjekk i oppløysing. Aymaraer var òg rådgjevarar under bygginga av sivbåten «Tigris» sju år seinare.

Frigjeringsrørsler[endre | endre wikiteksten]

Det finst eit stor tal rørsler som arbeider for utvida fridom eller politisk makt for aymarafolket. Dette inkluderer geriljaorganisasjonen «Tupac Katari», leia av Felipe Quispe, og «Movimiento al Socialismo», organisert av leiar for kokabøndene og no president i landet, Evo Morales. Desse organisasjonane har saman med andre vore involvert i aktivisme i Bolivia, mellom anna den bolivianske gasskrigen i 2003 og krisa i Boliva 2005. Eit mål for somme av rørslene har vore ein uavhengig indianarstat, Collasuyu med namn etter den sørlege og hovudsaklege aymariske provinsen i Tawantinsuyu. Morales blei innsett som president i Bolivia frå januar 2006.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]