Ayn Shiqaq

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Koordinatar: 35°23′41″N 36°1′51″E
Ayn al-Shiqaq
عين شقاق, Ain al-Shiqaq
landsby
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Latakia guvernement
Distrikt Jableh-distriktet
Nahiyah Ayn al-Shiqaq
Koordinatar 35°23′41″N 36°1′51″E
Folketal 4 125 (2004) [1]
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Ayn al-Shiqaq (arabisk عين شقاق, òg skrive Ain al-Shiqaq) er ein landsby nordvest i Syria i Jableh-distriktet i Latakia guvernement, sør for Latakia. Av stader i nærleiken finn ein Zama i søraust, al-Qassabin i sør, Siyano i sørvest, Jableh i vest, Qardaha i nordaust, al-Budi og Harf al-Musaytirah i aust. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Ayn al-Shiqaq eit folketal på 4 125 i 2004. Han er det administrative senteret i Ayn al-Shiqaq nahiyah («underdistrikt») som består av 15 stader med eit samla folketal på 16 031 i 2004.[1] Innbyggjarar er hovudsakleg alawittar. Ayn al-Shiqaq er fødestaden til den kjende syrisk diktaren Nadim Muhammed (1907-1994).[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Latakia guvernement. (arabisk)
  2. Kedar, 2006, s. 32.