Ayta ash Shab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 33°05′50″N 35°20′04″E
Ayta ash Shab
عيتا الشعب
by
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
guvernement Nabatieh guvernement
Distrikt Bint Jbeil distrikt
Koordinatar 33°05′50″N 35°20′04″E
Retningsnummer +961
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ayta ash Shab

Ayta ash Shab (arabisk عيتا الشعب; òg skrive Ayta al-Sha'b, Ayta a-Shaab, Ayta ash-Shab eller Ayta ash Sha'b') er ein liten landsby som ligg sør i Libanon, kring 1 km nordaust for grensa til Israel.

Den 12. juli 2006 gjekk Hizbollah til åtak på ein israelsk patrulje. Åtaket, som har blitt kalla Zar'it-Shtula-hendinga, fann stad på israelsk side av grensa, nær Ayta ash Shab, mellom landsbyane Zar'it og Shtula (Shetula). To israelske soldatar vart tekne til fange, medan tre vart drepen, og det heile utløyste Libanonkrigen i 2006. Under den månad lange konflikten vart 85% av heimane i Ayta ash Shab øydelagde, og kraftige bakkekampar fann stad mellom israelske styrkar og Hizbolla-geriljaen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rosen, Nir (2007-01-01), The Mayor, the Martyr, and the Pomegranate Trees, Mother Jones, http://www.motherjones.com/news/feature/2007/01/mayor_martyr_pomegranate_trees-3.html, henta 24. september 2014