Ayvainigrotta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ayvainigrotta
grotte
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia

Ayvainigrotta
40°7′35″ N 28°42′25″ E

Ayvainigrotta er ei grotte i Bursa i Tyrkia. Ho ligg søraust for Uluabatsjøen ved distriktsgrensa mellom Mustafakemalpaşa og Nilüfer. Det er to inngangar til grotta, ein ved Doğanalanı, den andre ved Ayvaköy.[1][2][3] Ho har namn etter landsbyen Ayvaköy like ved.[4]

Ein kan gå inn i grotta gjennom ein inngang og ut gjennom ein annan. Typisk går ein inn ved den øvre inngangen i Doğanalanı og gå nedover ein høgdeforskjell på 17 meter.[4] Elles er grotta horisontal. Ho er 5,5 km lang,[5] noko som gjer henne til den sjette lengste i Tyrkua.[3] Berget i grotta stammar frå mesozoikum, og ho inneheld dryppesteinsformasjonar som stalagmittar, stalaktittar, pillarar og ulikt mønstra steinar, i tillegg til rundt 60 dammar av ulike storleikar.[1] Ved utgangen finst det eit 400 meter langt vatn. Vassnivået i dei ulike vatna endrar seg med sesongen.[3]

Ayvainigrotta blei oppdaga av tre spanske utforskarar i 1970.[3] Ho opna for publikum i 2008.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Ayvaini Mağarası - Bursa» (på tyrkisk). Kültür ve Turizm Bakanlığı. Henta 12. september 2014. 
  2. Yaşin, Mehmet (9. desember 2007). «Bereketli göl Ulubat». Hürriyet (på tyrkisk). Henta 12. september 2014. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «Ayvaini Mağarası» (på tyrkisk). Nilüfer Beleditesi. Henta 12. september 2014. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Ayvaini Mağarası». Show Caves. Henta 12. september 2014. 
  5. «Mağaracıların turizm isyanı». Sabah (på tyrkisk). 1. juli 2012. Henta 12. september 2014. 

Koordinatar: 40°07′35″N 28°42′25″E