Az-Zawiya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
az-Zawiya
الزاويه, az-Zawia, al-Zawiya
kommune
Namneopphav: Hjørne, eremitasje[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Salfit guvernement
Koordinatar 32°05′45″N 35°02′24″E / 32.09583°N 35.04000°E / 32.09583; 35.04000
Areal 2,7 km²
Folketal 4 754  (2007)
Folketettleik 1 761 / km²
Bystatus 1996
Borgarmeister Taleb Raddad
Kart
Az-Zawiya
32°05′45″N 35°02′24″E / 32.095833333333°N 35.04°E / 32.095833333333; 35.04
Wikimedia Commons: Az-Zawiya, Salfit

Az-Zawiya (arabisk الزاويه) er ein palestinsk by i Salfit guvernement nord på Vestbreidda, 15 kilometer vest for Salfit og 24 kilometer sør for Qalqilya. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde az-Zawiya eit folketal på 4 754 i 2007.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Zawiya var oppført i 1596 på osmanske skattelister som ein del av Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han har eit folketal på fire hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, frukttre, tilfeldige inntekter, geiter og bikubar.[3] Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1870, og skildra han som ein stad med kring 200 innbyggjarar og ein liten moské.[4] I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine landsbyen som mellomstor, «truleg ein eldgammal stad, med graver hogde ut i berget i sør.»[5]

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Zawiya (kalla Zawiyeh) eit folketal på 396, to kristne og resten muslimar,[6] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 122 busette hus og eit folketal på 513, alle muslimar.[7]

I 1945 var folketalet 720 medan det samla landarealet var 11 516 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[8] Av dette var 964 for plantasjar og irrigert land, 2 055 for korn,[9] medan 41 mål var klassifisert som utbygde område.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 250
  2. 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s. 112.
  3. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 132.
  4. Guérin, 1875, s. 145
  5. Conder og Kitchener, 1882, s. 287
  6. Barron, 1923, Table IX, s. 26
  7. Mills, 1932, s. 66
  8. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 61
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 108
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 158

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]