Aztekarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Aztekarane)
Hopp til navigering Hopp til søk
Mytologisk framstilling av grunnlegginga av Tenochtitlan.

Aztekarar er ei moderne nemning på det mesoamerikansk nahuatltalande folket frå sentrale Mexico som herska i Aztekarriket frå 1200- til 1500-talet.

nahuatl tyder ordet aztecatl (fleirtal aztecah) «ein som kjem frå Aztlán», ein viktig stad i aztekisk mytologi. Aztekarane refererte òg til seg sjølv som mehikaane, meshikaane eller mexicaane, opphavet til namnet «Mexico». Alexander von Humboldt var han som føreslo å bruke namnet aztekar som eit felles uttrykk dekkande for alle folkeslaga som ved handel, skikkar, religion og språk var forbunde med meksikanarane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Pharo, Lars Kirkhusmo. (2012, 1. desember). «Aztek», Store norske leksikon. Henta 12. september 2013.
Spire Denne historieartikkelen som har med Mexico å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.