Bârzava
Bârzava | |||
elv | |||
Land | Romania, Serbia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 1 190 km² | ||
Renn gjennom | Reșița | ||
Lengd | 166 km | ||
Middelvassføring | 2,8 m³/s | ||
Kjelde | Semenicfjella i Romania | ||
• høgd | 850 moh. | ||
Munning | Tamiš nær Botoš i Serbia | ||
• høgd | 75 moh. | ||
Bârzava 45°16′29″N 20°49′39″E / 45.2748°N 20.827451°E | |||
Kart over Bârzava
|
Bârzava (rumensk Bârzava, serbisk Brzava eller Брзава) er ei elv i Romania og Serbia. Bârzava er 166 km long og har eit nedslagsfelt på 1190 km² og munnar ut i Tamiš.
Namnet har slavisk opphav og tyder «den raske elva».
Romania
[endre | endre wikiteksten]Bârzava har utspring i Semenicfjella i Dei transilvanske Alpane aust i Romania og aust for byen Anina. Elva renn nordaustover og gjennom byen Reșița. Ho renn frå Transilvania og ut på den lågtliggande sletta Banat. Her snur ho sørvestover. Frå Denta og til ho munnar ut i Tamiš er ho kanalisert. Etter landsyen Partoș dannar ho ein del av grensa mellom Romania og Serbia før ho renn inn i provinsen Vojvodina i Serbia.
Serbia
[endre | endre wikiteksten]Brzava vert i Serbia ein del av det store kanalsystemet Donau-Tisza-Donau-kanalen. Ho munnar ut i Tamiš sør for landsbyen Botoš. Sjølv om elva her er karakterisert som ein kanal, kan ho ikkje nyttast til skipsfart.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bârzava River (Timiș)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
- Atlas svijeta, Fifth edition (1974); Jugoslavenski leksikografski zavod
- Administrația Națională Apelor Române - Cadastrul Apelor - București
- Institutul de Meteorologie și Hidrologie - Rîurile României - București 1971
- Trasee turistice - județul Caraș [1]
- Trasee turistice - județul Timiș [2]
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: