Bärbel Wöckel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bärbel Wöckel
Bärbel Wöckel.01.jpg
Fødd 21. mars 1955
Leipzig
Yrke friidrettsutøvar
Bärbel Wöckel på Commons

Bärbel Wöckel, fødd Bärbel Eckert, (fødd 21. mars 1955) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Leipzig som representerte Aust-Tyskland på sprintdistansane. Ho vann til saman fire gullmedaljar under OL 1976 i Montreal og OL 1980 i Moskva, to på 200 meter og to i 4 x 100 meter, dessutan vann ho totalt tre gullmedaljar og eitt sølv ved EM 1974 og EM 1982.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Bärbel Wöckel i 1980

Eckert tok steg inn i verdseliten på sprintdistansane allereie i 1974, 19 år gammal. Ho tok seg til finalen på 100 m under EM i Roma, der ho vart nummer sju, og ho sprang siste-etappen for det austtyske laget som sette verdsrekord i 4 x 100 meter stafett på tida 42,51 sekundar, 24 hundredels sekund framom Vest-Tyskland. Dei andre austtyske gullvinnarane var Doris Maletzki, Renate Stecher og Christina Heinich.

To år seinare vart Eckert olympisk meister på 200 meter under Sommar-OL 1976 i Montreal, med ein sigersmargin på to hundredels sekund til vesttyske Annegret Richter. På den korte stafetten sprang ho Aust-Tyskland inn til gull, fattige fire hundredels sekund føre Vest-Tyskland. I Montreal hadde Eckert med seg Marlies Oelsner, Renate Stecher og Carla Bodendorff på stafettlaget.

Etter giftarmål kom ho tilbake som Bärbel Wöckel og forsvarte OL-tittelen på 200 m under sommarleikane i Moskva. Også i 4 x 100 m stafett var ho med å forsvare Aust-Tyskland sin meistertittel i øvinga, saman med Romy Müller, Ingrid Auerswald og ankerkvinna Marlies Göhr. Med sluttida 41,60 sekundar forbetra dei samstundes landet sin verdsrekord.

Den 1. juli 1982 vart Wöckel den fyrste kvinna som sprang 100-meteren under 11 sekundar då ho vann ei tevling i Dresden på tida 10,95 sekundar. Under friidretts-EM i Aten to månader seinare fekk ho sølv på 100 m bak den suverene vinnaren, landskvinna Marlies Göhr, før ho vann 200 meter, ni hundredels sekund føre britiske Kathy Smallwood. Til sist sprang Eckert andre etappe for det sigerrike austtyske laget i 4 x 100 m stafett, og saman med Gesine Walther, Sabine Rieger og Göhr sikra ho seg sitt tredje EM-gull, åtte år etter det fyrste. Ho la deretter opp som aktiv utøvar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1974 i Roma: Gullmedalje i 4 x 100 m stafett (42,51 - verdsrekord). Nr 7 på 100 m – 11,46
  • OL 1976 i Montreal: Gullmedalje på 200 m - 22,37, framom Annegret Richter (22,39). Gull 4 x 100 m stafett (42,55)
  • OL 1980 i Moskva: Gullmedalje på 200 m – 22,03, framom Natalja Bokhina (22,19). Gull i 4 x 100 m stafett (41,60 - verdsrekord)
  • EM 1982 i Aten: Gull på 200 m - 22,04, sølv på 100 m - 11,20, og gull i 4 x 100 m stafet (42,19)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]