Båfjorden

Koordinatar: 64°57′8.9388″N 11°34′40.962″E / 64.952483000°N 11.57804500°E / 64.952483000; 11.57804500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

64°57′8.9388″N 11°34′40.962″E / 64.952483000°N 11.57804500°E / 64.952483000; 11.57804500 Båfjorden er ein fjordarm av Risværfjorden i Nærøysund kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 1,5 km sørover til den veglause garden Båfjord i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Båfjordstranda i aust og Sørnesodden i vest. Ein annan veglaus gard i fjorden er Klungvika. Båfjordfjellet på 290 meter over havet ligg på austsida av fjorden. Ramntind på nordsida av Båfjordfjellet er derimot høgare med 301 meter over havet.