Båstads kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Båstads kommun
kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Len Skåne län
Landskap Skåne, Halland
Areal 210,4 km²
 - land 209,79 km²
 - vatn 0,61 km²
Folketal 14 288
Båstad Municipality in Scania County.png
Wikimedia Commons: Båstad Municipality

Båstad kommune ligg helt nordvest i det svenske länet Skåne län i landskapa Skåne og Halland. Kommunen har grensar til nabokommunane Ängelholm i Skåne län og Laholm i Hallands län. Administrasjonssenteret i kommunen ligg i Båstad.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kommunen omfattar mesteparten av Bjärehalvøya, som ligg mot Kattegat sør for Laholmsbukten og nord for Skälderviken. Høgdedraget Hallandsås strekkjer seg austover på halvøya frå Hovs Hallar, og har tradisjonelt vore rekna som grensa mellom landskapa Halland og Skåne. Det er mange fine sandstrender langs kysten, og sommarturisme er ei viktig næring i kommunen. Heilt i vest ligg øya Hallands Väderö som har status som naturreservat.

E6/E20 går gjennom kommunen. Båstad er knytt til det svenske jernbanenettet gjennom Västkustbanan.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Båstad kommune har seks tettstader. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.

# Tettstad Innbyggjarar
1 Båstad 4 793
2 Förslöv 1 998
3 Torekov 888
4 Grevie 769
5 Östra Karup 563
6 Västra Karup 556
Frå Kattvik

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]