Båtmotor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein eldre Sabb båtmotor.

Båtmotor er ein motor som vert nytta for å driva ein båt. Som oftast er båtmotorar forbrenningsmotorar og dei fleste er stempelmotorar med innvendig forbrenning. Båtmotorar finst i mange storleikar, med effekt frå nokre få kW til over 100 000 kW. Store båtmotorar vert kalla skipsmotorar.

Småbåtmotorar[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var det vanleg at båtmotorar var glødehovudmotorar, som gjekk på billig råolje, men i dag er mindre båtmotorar som oftast firetaktsmotorar. Små båtmotorar er ofte firetakts forgassarmotorar, medan dieselmotorar er vanlege i fiskeskøyter og større fritidsbåtar.

Mellomstore båtmotorar[endre | endre wikiteksten]

I fiskebåtar, fraktbåtar, ferjer, og liknande vert det vanlegvis nytta firetakts dieselmotorar, men for å redusera forureininga har ein i dei siste åra har ein teke til å nytta gass som drivstoff i ferjer. Elektrisk drift av ferjer vert òg nytta i aukande grad.

Store skipsmotorar[endre | endre wikiteksten]

Ein Sulzer 6KD31 skipsmotor frå 1937, med ein effekt på rundt 290 kW.

I krigsskip, men òg i eldre passasjerskip, har det vore nytta gassturbinar for framdrift, men på grunn av dårleg verknadsgrad har ein for det meste gått over til totakts stempelmotorar. For å redusera kostnadane er det vanleg å nytta billig tungolje, noko som har ført til alvorleg forureining av kysten i samband med forlis.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]