Beaivvašgieddi kapell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bæivasgiedde kapell)
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 69°12′21″N 24°45′38″E

Beaivvašgieddi kapell
kyrkje
Bæivasgiedde kapell 9694.jpeg
Kapellet fotografert i 1921
Foto: Henrik Jakob Jelstrup
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Indre Finnmark
Sokn Karasjok sokn
Fellesråd Karasjok
Type Langkyrkje
Arkitekt Kristian Nissen
Material Tre
Innvigd 12 desember 1915[1]
Wikimedia Commons: Beaivvašgieddi kapell

Beaivvašgieddi kapell er ei langkyrkje frå 1915 i Karasjok kommune i Finnmark fylke.[1] Det ligg ved elva Kárašjohka og vart bygd med flyttsamane i tanke.

Kapellet er bygt i lafta tømmer etter teikningar av sokneprest Kristian Nissen.[1] Det hadde opphavleg torvtekt tak.[1] Det er kyrkjegard ved kapellet. Han var tidlegare inngjerda med stakittgjerde, men no er det berre den eismale grava på kyrkjegarden som er inngjerda.

Forfattaren Matti Aikio la handlinga i romanen Hyrdernes kapel til Beaivvašgieddi.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Erik Schytte Blix (1974). «Bæivasgiedde kapell». Kirker og kirkeliv i Karasjok. Tromsø: Eige forlag/Karasjok kommune. s. 30-34.  Ekstern lenkje i |artikkel= (hjelp)
  2. Kristian Nissen (1955). Matti Aikio : en norsk forfatter av samisk ætt. 1955: Samisk selskaps årbok. s. 11.  [Særtrykk av Sameliv - Samisk selskaps årbok 1953-1955]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]