Bærums Verk tettstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Verksgata på Bærums Verk. Til venstre eit hjørne av hovudbygningen frå 1764.

Bærums Verk er ein tettstad i Bærum kommune i Akershus fylke, sør i dalføret Lommedalen. Tettstaden har fått namn etter jarnstøyperiet Bærums Verk, som låg her og vart lagd ned i 1964.

Verkseigarbustaden frå 1764 er ein freda bygning som står i Verksgata, hovudgata gjennom verksområdet. Eit museum som syner historia til verket og eit utval av dei vedomnane i støypejarn som vart produsert på verket, ligg i gamle bygningar på verksområdet.

På siste parten av 1900-talet vart områda kring verket bygd tett ut med bustader i blokker og småhus.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]