Bæverfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 63°1′28.585″N 8°35′28.712″E Bæverfjord er ei bygd som ligg inst i Hamnesfjorden i Surnadal kommune. Elva Bævra er ei lakseelv som renn gjennom dalen og ut i Hamnesfjorden.

Riksveg 65 går igjennom bygda. Gravvold flyplass ligg rundt 7 km aust for Bæverfjord.

Småøyan camping ligg ved riksvegen og Hamnesfjorden, og er godt besøkt av mellom anna fisketuristar i sommarsesongen.

Bygda har ein egen barneskule med 42 elevar (2006) og barnehage. Bæverfjord IL har fotballgruppe og trimgruppe.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.