Békéscsaba
46°49′44″N 21°5′28″E / 46.82889°N 21.09111°E
| Békéscsaba | |||
| by | |||
Rådhuset i Békéscsaba | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Statistisk region | Den sørlege store sletta | ||
| Fylke | Békés | ||
| Distrikt | Békéscsaba | ||
| Høgd | 90 m | ||
| Areal | 193 930 000 km² | ||
| Folketal | 55 164 (2022[1]) | ||
| Først nemnd på | 1330-talet | ||
| Postnummer | 5600 | ||
| Retningsnummer | 66 | ||
![]() Békéscsaba 46°41′00″N 21°05′00″E / 46.683333333333°N 21.083333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Békéscsaba | |||

Békéscsaba[a] er ein by med fylkesrettar[2] og hovudsete i distriktet med same namn i fylket Békés i regionen Den sørlege store sletta søraust i Ungarn.[3] Han er òg fylkeshovudstad i Békés fylke.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Området har vore busett sidan antikken. I jernalderen vart området erobra av skytianarar, av keltarar og så hunarar. Etter den ungarske erobringa var der mange små landsbyar i området.
Landsbyen Csaba vart først nemnd på 1330-talet. Bortsett frå Csaba låg det åtte landsbyar i området der byen ligg i dag. Då tyrkarane erobra Ungarn og landet vart ein del av Det osmanske riket overlevde byen, men vart forlaten under kampane mot tyrkarane på 1600-talet.
I 1715 vert Csaba nemnd som ein folketom stad, men berre eitt år seinare kan ein i dokument sjå at folk frå byen betalte skatt. Den nye Csaba vart truleg grunnlagd av János György Harruckern, som vart æra for fridomskampen mot tyrkarane og kjøpte området som utgjer Békés fylke. I 1847 var byen alt blant dei tjue største i Ungarn med eit folketal på 22 000. Likevel var Csaba framleis som ein stor landsby med gjørmete gater og overfylte hus.
I 1858 fekk byen jernbanesamband. Dette førte til utvikling, nye hus og fabrikkar vart bygd, og byen byrja å bløme. Mot slutten av 1800-talet skapte likevel arbeidsløyse mykje spenning i byen og i 1891 vart det slått ned på eit opprør med hjelp frå rumenske soldatar. Ein av dei viktigaste politiske personane i byen var András L. Áchim, som grunnla bondepartiet og som klarte å heve Békéscsaba sin status til «by med byråd».
Den første verdskrigen førte liding til byen. Mellom 1919 og 1920 var Békéscsaba okkupert av Romania. Etter Trianon-traktaten mista Ungarn sine viktigaste byar i sør, Arad og Nagyvárad, og Békéscsaba måtte ta over rolla deira, og vart den viktigaste byen i området.
Mellom dei to verdskrigane førte nedgang til fattigdom og arbeidsløyse og ein storflaum i 1925 hjelpte ikkje på tilhøva.
Under den andre verdskrigen var det ingen kamphandlingar i området, men to tragiske hendingar råka likevel byen i 1944. I slutten av juni vart over 3 000 jødar sende til Auschwitz, og i september vart jernbanestasjonen og området rundt bombardert av amerikanske og britiske bombefly, noko som tok livet av meir enn 100 menneske. Den 6. oktober 1944 okkuperte den sovjetiske hæren Békéscsaba.
Under sosialisttida vart Békéscsaba fylkeshovudstad i Békés (1950), og byrja å utvikle seg til eit av dei viktigaste sentera for matindustri i Ungarn. Då sosialistregimet tok slutt i 1990 vart det krise i industrien og mange folk mista jobbane sine. I dag er krisa over og Békéscsaba er på framgang igjen.
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Folketalet i busetnaden ved dei siste folketeljingane:[1]
| Folketal 2001 | Folketal 2011 | Folketal 2022 | |
|---|---|---|---|
| Békéscsaba | 67 968 | 62 050 | 55 164 |
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Békéscsaba» frå Wikipedia på engelsk, den 28. september 2007.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Census database: Population data by settlement». Központi Statisztikai Hivatal (KSH) (Ungarns sentrale statistiske kontor). Henta 23. september 2025.
- ↑ «Megyei jogú városok (Byar med fylkesrettar)» (PDF). ksh.hu (på ungarsk). Központi Statisztikai Hivatal (KSH) (Ungarns sentrale statistiske kontor). juli 2012. Henta 24. september 2025.
- ↑ «Magyarország közigazgatási helynévkönyve 2019. január 1. (Administrative stadnamn 1. januar 2019)» (PDF). ksh.hu (på ungarsk og engelsk). Központi Statisztikai Hivatal (KSH) (Ungarns sentrale statistiske kontor). 1. januar 2019. Henta 24. september 2025.
