Béziers
| Béziers | |||
|---|---|---|---|
| |||
| Land Region Departement |
Frankrike Occitanie Hérault | ||
| Flatevidd | 95,48 km² | ||
| Flatevidd • By |
95,48 km² | ||
| Innbyggjarar • By (1999) - folketettleik |
69 153 724,2/km² | ||
| Koordinatar | 43°20′N 03°12′E / 43.333°N 3.200°E | ||
| Høgd | 17 m | ||
| Tidssone | CET (UTC+1) | ||
| Postnummer | 34500 | ||
| Nettstad: www.ville-beziers.fr | |||
Béziers (Besièrs på oksitansk og Besiers på katalansk) er ein by i Languedoc sørvest i Frankrike. Han er ein kommune og sous-préfecture i departementet Hérault, og har om lag 70 000 innbyggjarar, som vert kalla biterrois.
Hovudnæringa i Béziers er dyrking av vindruer og vinproduksjon.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Byen ligg i ein liten skrent over elva Orb, om lag 10 km frå Middelhavet. Ved Béziers går kanalen Canal du Midi over Orb som ein akvedukt kalla pont-canal («kanalbrua»).
Historie
[endre | endre wikiteksten]Staden har vore busett sidan steinalderen, og romarane grunnla ein by her på vegen mellom Spania og Italia. Dei grunnla byen på ny i 35-36 fvt. som ein koloni for krigsveteranar, og kalla han Colonia Julia Baeterrae Septimanorum. Steinar frå det romerske amfiteateret vart nytta til å byggje bymuren på 200-talet.
Frå 900- til 1100-talet var Béziers senter for Grevskapet Béziers.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell turistside
- Bilete frå Béziers Arkivert 2007-01-30 ved Wayback Machine.
- Den gamle gravplassen i Béziers Arkivert 2016-02-01 ved Wayback Machine.
- Historia til Beziers
