Bödeli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sluser kontrollerer vassføringa i Aare i midten av Bödeli.

Bödeli er ei landtunge mellom Thunsjøen og Brienzersee i Berner Oberland i Sveits. Elvane Lütschine frå sør og Lombach frå nord har sidan den siste istida ført med seg avsetjingar som har skild dei to innsjøane frå kvarandre. I dag ligg Brienzersee to meter høgare enn Thunsjøen, og elva Aare renn frå den eine innsjøen til den andre, gjennom Bödeli.

I Bödeli ligg byane Unterseen, Interlaken og Matten, og i sør grenser området til kommunane Wilderswil og Bönigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 46°41′2″ N 7°51′14″ E