Böle i Helsingfors

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Böle med messeområdet i forgrunnen

Böle (finsk Pasila) er ein bydel i den finske hovudstaden Helsingfors. Han ligg sentralt nord for bykjernen og grensar mot bydelen Vallgård i aust, Berghäll (Kallio) i sør og Centralparken (Keskuspuisto) i vest. Bydelen er delt inn i ein austleg og ein vestleg del. Fordi han ligg sentralt (berre fem minutt med tog frå sentrum) og har lågare husleie enn sentrumsbustadene, er han ein populær bydel å bu i. Böle har om lag 8 000 innbyggjarar, fordelt på 3 500 i den austlege delen og 4 500 i den vestlege delen, som først og fremst er bustadsområde. Den austlege delen av Böle er eit aktivt forretningsområde som blant anna har sin eigen jernbanestasjon, eit Holiday Inn-hotell og Helsingfors Varemesse.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]