Börtnen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Börtnessjön

Börtnen er ein innsjø langs Ljungan, nedstraums frå Flåsjön, og oppstraums for Lännässjön, i Berg kommun i Jämtland i Sverige. Innsjøen består av to samanhengande delar, Lilla Börtnen og Stora Börtnen, og har eit samla overflateareal på 3,5 km². Busetnaden Börtnan ligg ved Stora Börtnen, som ligg oppstraums i forhold til Lilla Börtnen.

Börtnen, både den store og den vesle delen av innsjøen, er kjent for godt fiske og gode fiskehøve, då elvane Ljungan, Arån, Aloppan og Galån alle fører til sjøsystemet og tilfører den alt rike innsjøen fisk som harr, aure og røye. I innsjøen er det òg sik, gjedde og åbor.

For tida vert innsjøen kalla Lill-Börtnen og Börtnessjön, men han har òg blitt omtalt som yttre og övre Börtnen.

Koordinatar: 62°44′50″N 13°51′0″E