Bösendorfer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Eit flygel frå Bösendorfer.

Bösendorfer er ein austerriksk klaverprodusent som no er eigd av Yamaha. Instrumenta deira er kostbare, men kjende for ein særmerkt klang. Bösendorfer er også kjend for å også laga klaver med 92 eller 97 tangentar, mot dei vanlege 88.

Selskapet blei stifta i Wien den 25. juli 1828 av Ignaz Bösendorfer. Det blei del av amerikanske Jasper Corporation, seinare Kimball International, i 1966. Bösendorfer kom tilbake på austerrikske hender i 2002, då det blei kjøpt av BAWAG PSK Gruppe, men blei seld vidare til Yamaha 20. desember 2007.

Kjende pianistar innan ulike sjangrar som Oscar Peterson (jazz), Victor Borge (humorist), Leif Ove Andsnes (klassisk) og Tori Amos (alternativ rock) har føretrekt instrument frå Bösendorfer. Den Norske Opera bruker tre mellomstore flygel derfrå.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]