Hopp til innhald

Böyük Zirə

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Böyük Zirə
Nargin
øy
Land  Aserbajdsjan
Stad Bakubukta
 - koordinatar 40°17′38″N 49°55′18″E / 40.29389°N 49.92167°E / 40.29389; 49.92167
Lengd 3,1 km
Areal 1,4 km²
Folketal 0 (2017)
Kart
Böyük Zirə
40°17′40″N 49°55′10″E / 40.294444444444°N 49.919444444444°E / 40.294444444444; 49.919444444444
Kart som viser Böyük Zirə.
Kart som viser Böyük Zirə.
Kart som viser Böyük Zirə.
Wikimedia Commons: Boyuk Zira

Böyük Zirə, òg kjend som Nargin, er ei folketom øy utanfor Bakubukta i Aserbajdsjan.

Nargin er ein del av Bakuøyane, som elles består av øyane Dasj Zira, Kitsjik Zira (Qum eller Sandøya), Zenbil, Sangi-Mugan, Tsjikil, Qara Su, Khara Zira, Gil, Ignat Dasj og nokre mindre øyar.

Nargin er den største øya som skil Bakubukta frå havet sør for Absjeronhalvøya. Øya er 3,1 km lang og opp mot 900 meter brei. Nordvestsida av øya er vertikal og bratt. Det er lite vegetasjon på øya.

Kaspisk sel, stør, og fleire typar fugl som krikkand, gråmåse og lappdykkar.

Eit fyr med roterande lys vart bygd på øya i 1814. Øya var tidlegare nytta som sovjetisk militærbase og mange marinefartøy ligg søkkte på nordsida av øya.

Panoramabilete av Nargin.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Böyük Zirə