Hopp til innhald

Bø gamle kyrkje i Telemark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bø gamle kyrkje
kyrkje
Bø gamle kyrkje
Foto: Roar Johansen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Øvre Telemark
Sokn
Fellesråd
Type langkyrkje
Teknikk mur
Material stein
Innvigd 14. mai, truleg mellom 1150 og 1180
 •  Vigd til Heilag-Olav
Takryttar På skipet
Kor Med apsis
Klokker 1
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol 1659
Altartavle 1659
Orgel Vestlandske, 1971
Sitjeplassar 150
Diverse Krusifiks ca. 1200; antemensale ca. 1300
Kart
Bø gamle kyrkje
59°24′40″N 9°03′22″E / 59.41116667°N 9.05623333°E / 59.41116667; 9.05623333
Wikimedia Commons: Bø gamle kirke

Bø gamle kyrkje er ei langkyrkje frå 1100-talet i Midt-Telemark kommune. Kyrkja er av stein og har om lag 150 sitjeplassar.[1] Det rett avslutta koret fekk etter kvart apsis i aust. Våpenhuset er frå 1600-talet.

Som andre gamle kyrkjer har denne vore utsett for endringar, men dei har vore moderate. Mellom anna er sørportalen mura att, og vindauge har vorte utvida. Kyrkja vart avløyst av Bø nye kyrkje i 1875, men ein har likevel teke vare på gamlekyrkja.

Altaret i kyrkja. Runerebusen er synleg på treplanka med holet på veggen til høgre. Ei likeins planke med hol og runer finst på veggen til venstre.

Inventaret er for ein stor del frå 1600-talet. Galleriet (i vest og nord), altartavla og preikestolen er alle frå 1650-åra og vart måla i 1685–87. Galleriet har ni biletfelt med bibelske motiv. Altartavla synar Jesu dåp, nattverda, krossfestinga og Kain og Abel si ofring. Ein del av det opphavlege mellomalderaltaret er bevart i preikerommet ved inngangen. Preikerommet har to høgder med benkar, og ei tropp opp til loftet. Balkongen er pryda med ymse motiv frå bibelen, særleg dei som handlar om Jesus.

Innskrifter i kyrkja

[endre | endre wikiteksten]
Runerebusen

Kyrkja har fleire runeinnskrifter, mellom anna ein rebus, der ein må gjette runenamn og setje linjene saman baklengs for å få eit namn av kvinna som runerissaren er forelska i. Det er ikkje berre det einaste døme i verda på ei runeinnskrift der runenamna vert beskrivne med gåter brukt i runepoemmanuskripta, men au det einaste døme på praktisk bruk av slike gåter.[2][3][4][5]

Ved å lesa linjene oppover, får ein fylgjande runer (som tilsaman dannar namnet Gudrun):

  • ᚴ (sótt er barna)
  • ᚢ (fjón svínkanda)
  • ᚦ (fjalls íbúi)
  • ᚱ (hests ærfaði)
  • ᚢ (auk høys víti)
  • ᚿ (þræls vansæla)
Delen av innskrifta som har med gåter:
ᚦᚱᛚᛌᚢᚿᛌᛅᛚᛆ...
ᚼᛂᛋᛏᛅᚱᚠᛆᚦᛁᚯᚢᚴᚼᚢᚼᛁᛌᚼᚢᛁᛏᛁ
ᚠᛁᚮᚿᛌᚠᛁᚿᚴᛆᛏᛆᚠᛁᛆᛚᛌᛁᛒᚢᛁ
...ᛌᚮᛏᛂᚱᛒᚿᛆ
Normalisert tekst:
Þræls vansæla
Hests ærfaði, auk høys víti
Fjón svínkanda, fjalls íbúi
Sótt er barna

Det er au fleire andre innskrifter i kyrkja skrivne med andre slags alfabet. På ein vegg ved altaret vart det under ei oppussing oppdaga ei uleseleg innskrift på gresk. Bak altaret er det med kol, kritt og kniv skreve namn av mange prestar og kyrkjetenarar som har jobba i kyrkja gjennom åra.

  1. Kyrkjesøk
  2. R. Øystein (2014). Telemarks historie før 1814
  3. R.I. Page (1999). The Icelandic rune-poem
  4. K. Püttsepp (2003). Kjærlighet på pinne - Vertshusinnskrifter fra norske middelalderbyer
  5. J.E. Knirk (2017). Love and Eroticism in Medieval Norwegian Runic Inscriptions
  • Henriksveen, Herman, red. (1986). «Bø kyrkje». Kirker i Telemark. Stathelle: Flora forlag. s. 104-105. ISBN 82-90695-00-4. 
  • Ekroll, Øystein, Stige, Morten og Havran, Jiri (2000). Kirkene i Norge, bind 1: Middelalder i stein. Oslo: ARFO. s. 96-99. ISBN 82-91399-09-3. 
  • Kyrkjesøk

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]