Bø prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°25′01″N 9°03′30″E / 59.41694°N 9.05833°E / 59.41694; 9.05833

Bø prestegard

Kart
Bø prestegard
59°25′01″N 9°03′30″E / 59.416921°N 9.058281°E / 59.416921; 9.058281

Bø prestegard eller Holmen gard ligg nokre hundre meter nordaust for Bø kyrkje, i Prestevegen 4.

Garden skal vere frå før vikingtida. Det er ikke kjend akkurat når han vart prestegard, men prestegardsstatusen er i alle fall stadfesta i 1527.[1] Ei rekkje gardar og gardspartar vart etterhvert lagde under prestegarden, og tettstad ligg på det som var prestegardsgrunn. Prestegardsjorda vart etter kvart delt frå og seld, og sjølve prestegardstunet med hovudbygning, stabbur og hage vart seld i 2006 til Stiftinga Bø Prestegard. Stiftinga har som mål å teke vare på den lokale kulturarven, og garden vert nytta til diverse kulturføremål.[2]

Hovudbygningen og stabburet er freda. Hovudbygningen er sett saman av to tømmerbygg, der det eldste er frå slutten av 1600-talet og det andre frå midten av 1700-talet. Bygningen har utvendig panel frå ca. 1910. Alderen til stabburet er ukjend. Bygningane har vorte endra gjennom åra, og hovudbygningen fekk sveitserpreg på overgangen mellom 1800- og 1900-talet. Stabburet vart restaurert i 2009 og hovedbygningen i 2010.

Referanser[endre | endre wikiteksten]

  1. Kulturminnesøk
  2. Stiftinga Bø Prestegard nemner 2006 som sitt etableringsår, medan Telemark fylkeskomunne seier at gården vart seld i 2004.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]