Bøelva i Bø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bøelva i Bø

Bøelva eller Gvarvelva er ei elv i Telemark, og ein del av Skiensvassdraget. Bøelva har sitt utspring i sørenden av Seljordsvatnet og renn gjennom Bø kommune og Gvarv i Sauherad kommune. Nedstrøms frå kommunegrensa kalles elva Gvarvelva, til den munnar ut i Årnesbukta i Norsjø. Den einaste sideelva er Hørteelva som munnar ut i Bøelva ved kommunegrensa og staden for Griviøya som gjer at elva har to løp i om lag ein km.