Bøksongar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bøksongar
Lydopptak bøksongar

Lydopptak bøksongar
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigOmtrentleg geografisk utbreiing av bøksngar ██ Berre hekking ██ Overvintring
Omtrentleg geografisk utbreiing av bøksngar

██ Berre hekking ██ Overvintring

Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Familie: Bladsongarfamilien Phylloscopidae
Slekt: Bladsongarar Phylloscopus
Art: Bøksongar P. sibilatrix
Vitskapleg namn
Phylloscopus sibilatrix

Bøksongar (Phylloscopus sibilatrix) er ein liten sporvefugl i bladsongarfamilien med utbreiing i vestlege Eurasia og i Afrika sør for Sahara. Andre norske nemningar på arten har vore grønsongar og grøn lauvsongar.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Bøksongar syng i videoopptak

Bøksongarar har storleik som lauvsongarar, 11-13 centimeter i kroppslengd. Til skilnad frå lauvsongar har han heilt kvit underside. Oversida er metta grøn, nebbet er rettpeikande og vengene er relativt lange og spisse for slekta. Kjenneteikn for arten som skil han frå andre bladsongarar med fargelaus underside er mengda av gult på kinn, øyredekkarar og strupe til øvre bryst. Dessutan er augestripa mørk i kontrast til ei klår, gul augebrynstripe.

Hekkeområdet er i varmt temperert klima i Eurasia aust for Pyreneane austover omtrent til Uralfjella. Søraustgrensa går gjennom Aserbajdsjan. Bøksongaren finst berre meir sporadisk i Irland og nordlege Skandinavia. I Noreg er han ein mindre vanleg hekkefugl nord til Nordland, færre enn 10 000 par. Hekkinga skjer i fuktige, låglands lauvskogar, helst med god avstand mellom trea og likevel god skygge. Føretrekte treslag er bøk og eik, men òg andre lauvtreslag som agnbøk, bjørk og ask. Dei kan tolerere blandaskog med innslag av nåletre frå granslekta og furu.

Føda er eit breitt utval av virvellause dyr, dette inkluderer larver, møll, vårfluger, døgnfluger, kongroer og insekt frå fleire andre ordenar inkludert maur. Ungane blir mata med larver. Om hausten kan dei beite på bær, slik som rips, blåbær, bjørnebær og artar i kirsebærslekta.

Vinterkvarteret er i Afrika, gjennom eit breitt band frå Sierra Leone til Uganda og inn i vestlege Kenya. Også i Afrika er denne arten knytt til lauvskogar.

Lætet er kombinasjon av ei høgfrekvent, metallisk trille i aukande tempo som varer 2-3 sekund, og ei rekkje på 3 til 5 søkkande tonar i mjukare, lågare tonehøgd. Kontaktlyden er fleire skarpe «zip».

Storleiken på populasjonen er omtrentleg 20 millionar individ og er trudd å vere avtakande. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Clement, P. (2020). Wood Warbler (Phylloscopus sibilatrix), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.woowar.01
  • Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
Referansar
  1. Haftorn, Svein (1971). Norges fugler. Universitetsforlaget. s. 643. 
  2. BirdLife International (2021) Species factsheet: Phylloscopus sibilatrix. Henta frå http://www.birdlife.org den 10. mars 2021

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bøksongar