Bømlo-nytt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

BØMLO-nytt er ei nynorsk lokalavis som vert utgjeven på Bømlo i Vestland fylke. BØMLO-Nytt tek mål av seg til å vera lokalavis for Bømlo kommune i Sunnhordland. Avisa kjem ut kvar tysdag, torsdag og laurdag.

1990-talet hadde dei konkurranse frå BTB (Bømlo i Tekst og Bilde) som dei etter kvart kjøpte opp og la ned.

Stadfest opplag er 3 301 (2010). Ansvarleg redaktør er Randi Olsen, som overtok etter Stein-Erik Ovesen 6. juni 2011.

Avisa vart grunnlagt av Else-Marie Ovesen, men er i dag eigd av mediehuset Sunnhordland.

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.

År Nettoopplag
2000 4 177

2002 3 989
2003 3 795
2004 3 560
2005 3 512
2006 3 381
2007 3 398
2008 3 407
2009 3 337
2010 3 301

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]