Bømlo gamle kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bømlo gamle kyrkje
kyrkje
Foto: Roar Johansen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bømlo
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sunnhordland
Teknikk Tømra
Material Tre
Innvigd 1621
 - Endringar Restaurert 1885 og 1951
Preikestol Frå 1885
Altartavle Måla av Johan Holme i 1885
Sitjeplassar 150
Kart
Bømlo gamle kyrkje
59°36′31″N 5°12′53″E / 59.608565°N 5.21464306°E / 59.608565; 5.21464306
Wikimedia Commons: Bømlo gamle kirke

Bømlo gamle kyrkje er ei langkyrkjeVorlandBømlo. Den noverande kyrkja kan ha vore bygd i 1621, eller litt seinare på 1600-talet, men har etter den tid vorte vølt og ombygd fleire gonger, sist gong i 1951. Det har stått kyrkje på Vorland sidan mellomalderen og kyrkja her vart nemnd første gongen i 1360.

Den aller første kyrkja på Bømlo var truleg bygd i Eidesmarkjo på Eide. Segna fortel at kyrkjetømmeret ei natt, av overnaturlege krefter, vart flytta inn til Vorland. Kyrkja vart såleis flytta frå klosterjorda til prestebolsjorda.[1] På Vorland vart kyrkja bygd eit stykke sørvest for tunet på Basthogjen, under Fjellet. Den gamle kyrkja vart riven i 1620 og den nye ført opp i 1621.

Kyrkja er utan tårn, men har ei luke i gavlen for å sleppe ut klokkeklangen. I 1848 fekk kyrkja nytt kor, og i 1885 vart kyrkja ombygd med nye benkar og galleri langs eine langsida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kari Shetelig Hovland, «Bømlo bygdebok - Gards- og ættesoge for Bømlo sokn» (1972) ISBN 82-7129-000-2

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]