Bømlo kulturhus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bømlo kulturhus vart teke i bruk hausten 2005. Kulturhuset har to salar; Storsalen med 353 seter og Litlesalen med 100 sete.[1] Storsalen vert brukt til konsertar, dans, teater, konferansar og kino. Litlesalen vert brukt til kurs og kino.

Bygget rommar også Bømlo kulturskule, kulturhuscaféen Gaffel & Vaffel og NAV Bømlo.

Bømlo kulturhus vart frå og med 1. januar 2006 eit kommunalt foretak (KF). Verksemda har 4,7 årsverk. Dagleg leiar er Hanne Jacobsen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Prisliste / Bømlo kulturhus». bomlokulturhus.no (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 14. mars 2017. Henta 15. mai 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]