Bønekrans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei bønesnor og ein rosenkrans

Bønekrans er ei perlekjede, snor eller liknande som kan brukast som minnereiskap i samband med bøn.[1][2]

I den katolske kyrkja blir det brukt ein rosenkrans med ei bønesnor med 59 kuler av tre, glas eller meir kostbart materiale i tillegg til ein kross.

I den ortodokse kyrkja blir det nytta ei bedesnor kalla komboskini, som er ei snor med 100 knutar, der det òg er fletta inn ein kross. Snora kan vera enkel eller dekorert på ulikt vis. Jesusbøna lyder «Her Jesus Kristus Guds Son, forbarm deg over meg syndar» og blir gjenteken mange gonger, imellom avbrote av «Ære vera Faderen og Sonen og den Heilage anden» og av «Fadervår».

I islam blir det på liknande vis brukt ei perlekjede kalla misbah med 99 perler, tilsvarande namna til Gud i islam. Desse blir brukt til å seia korte lovprisingar av Gud: «Subhan Allah» ('Ære vere Gud') 33 gonger, «Al-hamdu lilah» ('prisa vere Gud') 33 gonger og «Allahu Akbar» (Gud er den største) 33 gonger.

I buddhismen og hinduismen blir det nytta ein japamala med 108 perler for å telja mantra eller bøner.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bønekrans