Børskrakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Menneske samlar seg utanfor New York-børsen etter børskrakket i 1929

Børskrakk (etter tysk Krach, 'brak') er eit stort og brått prisfall i aksjane som vert omsette på ein børs. Ein vanleg definisjon krev at fallet er på meir enn ti prosent. Betre prosedyrar gjer at børskrakk i seinare tid sjeldan finn stad på éin dag, og omgrepet vert difor òg nytta om store prisfall som hender over noko lengre tid.

Børskrakk hender som regel når publikum snøgt endrar oppfatning om den økonomiske framtida. Når mange investorar vil selja seg ut samstundes må dei godta støtt lægre prisar for å kunna få selt, og prisane fell snøgt. Vedvarande fall i prisen kan skapa panikk og verka sjølvstyrkande. I nokre tilfelle er det tekniske eller reine psykologiske årsaker til krakket, men då vil prisfallet vanlegvis snu.

Børskrakk før og no[endre | endre wikiteksten]

Ein vanleg definisjon på eit krakk er eit fall i børsverdiane på meir enn ti prosent. Dow Jones-indeksen i USA har hatt 13 daglege fall av denne storleiken sidan 1900. Sist gong var 19. oktober 1987, gjerne kalla «Black Monday». Oslo Børs har hatt to slike fall, i 1987 og 1989.

Store børskrakk som utspelar seg over éin einskild handelsdag er vortne mindre vanlege. Frå kring 1990 og utover har det vore sjeldnare med store daglege fall på børsane. Dette skriv seg i hovudsak frå det at børsane har fått prosedyrar for å stogga handelen før kursane fell so mykje. At det i dag det finst slike tryggingsbrytarar er ein av fordelane med ein regulert marknadsplass, slik som ein børs.

Likevel fell ikkje børsane mindre no enn før når det er nedgangstider. Skilnaden er at børskrakk i dag gjerne fordeler seg over fleire dagar, noko som vart tydeleg mellom anna under finanskrisa i 2008–2009. Det største årlege fallet på Oslo Børs sidan 1980 var i 2009, då kursane fall med til saman 51 prosent. Dow Jones fall med 30 prosent i 2009, noko som var det største fallet sidan 1930-talet.

Det mogelegvis mest kjende børskrakket i verdssoga var Børskrakket i 1929. Både den 28. og 29. oktober dette året fall Dow Jones med meir enn ti prosent.

Børskrakk på Dow Jones 1900–2018[endre | endre wikiteksten]

Dow Jones-indeksen i USA har falle med mer enn ti prosent på éin dag til saman 13 gonger sidan 1900.

Dato Prisendring
29.10.1908 -12 %
17.03.1911 -13 %
13.12.1914 -24 %
20.09.1918 -11 %
10.01.1919 -13 %
19.12.1921 -11 %
28.10.1929 -13 %
29.10.1929 -12 %
16.08.1932 -11 %
18.08.1932 -14 %
25.08.1938 -17 %
06.06.1945 -18 %
19.10.1987 -23 %

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«børskrakk» av Espen Sirnes i Store norske leksikon, snl.no. Henta 16. november 2019.

Spire Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.