Børskrakket i 1929

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Folk samlar seg på Wall Street

Børskrakket i 1929, også kjent som den svarte torsdagen, er eit av dei mest kjende børskrakka i historia. Krakket er også kjent som den svarte tysdagen, noko som viser til tysdagen i veka etter at krakket starta, då det var den dagen panikken braut ut for alvor og «alle» prøvde å selje seg ut av aksjemarknaden samtidig. Børskrakket på Wall Street i 1929 kom etter ein lang oppgangsperiode i amerikansk økonomi, og innleidde den store depresjonen1930-talet.

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Den 3. september 1929 sette børsen i USA ny rekord med 381,17 poeng. Etter denne toppen gjekk det nedover, kursen gjekk ned totalt 17 % i løpet av den neste månaden. I dei første vekene av oktober gjekk kursane først opp, før dei igjen gjekk nedover. Den svarte torsdagen viser til torsdag 24. oktober 1929, ein dag der totalt 12,9 millionar aksjar bytta eigar. Tysdag 29. oktober 1929 vart i ettertid kalla den svarte tysdagen, og rekordmange 16,4 millionar aksjar bytta eigar denne dagen. Denne rekorden vart ikkje slått før i 1969. I første omgang vart botnen nådd 13. november 1929 med 196,8 poeng. Børskursen auka noko i løpet av 1930, men i 1931 gjekk det nedover, botnen vart nådd 8. juli 1932 med 41,22 poeng. Børsen hadde dermed falle med 89 % sidan toppen i 1929.

Børskrakket utløyste ei internasjonal økonomisk krise med massearbeidsløyse i mange land. Dette fekk òg store politiske konsekvensar mange stader.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

I hovudsak bokmålswikipediaen.