Bøvra i Lom

Koordinatar: 61°43′10″N 08°16′30″E / 61.71944°N 8.27500°E / 61.71944; 8.27500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bøvri)
Bøvre
elv
Bøvra i Lom
Land  Noreg
Nedslagsfelt 836 km²
Kjelde Jotunheimen
Munning I Skim ved tettstaden Lom
 - høgd 363 moh.
Kart
Bøvra i Lom
59°13′04″N 8°33′55″E / 59.21777801°N 8.56518101°E / 59.21777801; 8.56518101
Wikimedia Commons: Bøvra (Lom)

61°43′10″N 08°16′30″E / 61.71944°N 8.27500°E / 61.71944; 8.27500

Bøvra (òg skrive Bøvri eller Bøvre) er ei elv i Lom kommune i Innlandet. Nedbørfeltet er på 836 km².

Namnet har opphav i ei gammal form av dyrenamnet bjor/bever.

Elva har kjeldene sine ved Smørstabbreen vest i Jotunheimen. Ho renn frå her og nordaustover ned Bøverdalen og munnar ut i innsjøen Skim i Ottavassdraget ved tettstaden Fossbergom. Like før utløpet i Skim dannar elva Prestfossen. Frå søraust tar Bøvra opp dei store sideelvane Leira og Visa, som kjem frå dei sentrale delane av Jotunheimen nasjonalpark, med dei to høgaste fjella i Noreg, Galdhøpiggen og Glittertind, på kvar side av Visdalen.

Riksveg 55 (Sognefjellsvegen) går langs vassdraget.

Nedslagsfeltet til elva er rikt på sjeldne plantar, verdfulle kulturminne frå et langt historisk tidsrom og har eit særs verdfult friluftsområde.

Det er ikkje bygd ut vasskraft i Bøvra, men elva utgjorde tidlegare ein sentral del av dei opphavlege planane for kraftutbygging i Ottavassdraget. På grunn av sterk motstand vart utbyggingsplanane skrinlagde, og vassdraget blei gjennom Verneplan IV for vassdrag verna mot framtidig kraftutbygging.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • NOU 1991:12A Verneplan for vassdrag IV
  • Oluf Rygh: Norske elvenavne, Kristiania 1904