Bøyingsparadigme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

I morfologien er eit bøyingsparadigme ei liste over alle bøyingsformene til eit leksem.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Ordet paradigme kjem av gresk parádeigma παράδειγμα n 'prov, døme, føredøme, mønster'.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Her er bøyingsparadigmet til det norske substantivet JENTE:

  • Bøyingsparadigmet til substantivet JENTE
    • jente (eintal, ubunden)
    • jenta (eintal, bunden)
    • jenter (fleirtal, ubunden)
    • jentene (fleirtal, bunden)

Regelrette og suppletivistiske bøyingsparadigme[endre | endre wikiteksten]

I regelrette bøyingsparadigme har alle bøyingsformene den same stammen, som i dømet over, der stammen er jent, eller i paradigmet til det norske verbet KASTE, som har stammen kast, og det norske adjektivet FIN, der stammen er fin:

  • Bøyingsparadigmet til verbet KASTE[1]
  • Bøyingsparadigmet til verbet KASTE
    • kaste (infinitiv)
    • kastar (presens)
    • kasta (preteritum)
    • kasta (perfektum partisipp)
    • kast (imperativ)
  • Bøyingsparadigmet til adjektivet FIN
    • fin (positiv, ubunden, eintal, utrum)
    • fint (positiv, ubunden, eintal, nøytrum)
    • fine (positiv, ubunden, fleirtal)
    • fine (positiv, bunden)
    • finare (komparativ)
    • finast (superlativ, ubunden)
    • finaste (superlativ, bunden)

Dersom eit bøyingsparadigme inneheld fleire ulike stammer, seier ein at det er suppletivistisk, som paradigmet til norske adjektivet LITEN, som har fire heilt forskjellige stammar, lit, små, vesl og min(d):

  • Bøyingsparadigmet til adjektivet LITEN
    • liten (positiv, ubunden, eintal, maskulinum)
    • lita (positiv, ubunden, eintal, femininum)
    • lite (positiv, ubunden, eintal, nøytrum)
    • små(e) (positiv, fleirtal)
    • vesle (positiv, bunden, eintal)
    • mindre (komparativ)
    • minst (superlativ, ubunden)
    • minste (superlativ, bunden)

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. I bøyingsparadigmet til KASTE, som i paradigmet til alle verb i bøyingsklassen "a-verb", har preteritum og partisipp same form. At to former i eit paradigme har same form, kallar vi synkretisme.