Bürmoos
| Bürmoos | |||
| kommune | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Areal | 7 km² | ||
| Folketal | 4 899 (1. januar 2018)[1] | ||
![]() Bürmoos 47°59′00″N 12°56′00″E / 47.983333333333°N 12.933333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Bürmoos | |||

Bürmoos er ein kommune i Distriktet Salzburg-Umgebung i Forbundslandet Salzburg i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 6,9 km² og i kring 4 900 ibuarar. Småbyen Bürmoos ligg 436 meter over havet, nordvest i forbundslandet.
Bürmoos kommune vart danna i 1967, og er den ferskaste kommunen i forbundslandet Salzburg. Fattige område i Sankt Georgen bei Salzburg og i Lamprechtshausen vart då skilde ut, til stor motstand frå ibuarane i Bürmoos.
Bürmoos var til byrjinga av 1800-talet eit folketomt myrområde. I andre halvdelen av det 19. hundreåret voks fram glas- og mursteinindustri, som nytta den store mengda torv til brensel. Desse næringsvegane braut saman etter fyrste verdskrigen, og folket her var mellom dei fattigaste i forbundslandet. Sidan 1960-talet har folketalet i Bürmoos auka mykje.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Einwohnerzahl 1.1.2018 nach Gemeinden mit Status, Gebietsstand 1.1.2018». Henta 9. mars 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Bürmoos» frå Wikipedia på tysk, den 9. mai 2017.
