A- og B-side

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå B-side)
Gå til: navigering, søk

A-side og B-side er det opphavlege namnet nytta på dei to sidene på ei 7-tommar vinylplate, som singlar vart gjevne ut på i starten av 1950-åra og fram til byrjinga av 1990-åra. Uttrykket kom til ved at songen som vart plassert på A-sida var den som plateprodusenten håpte ville få speletid på radio og verte ein hit, medan B-sida, den andre sida av plata, var ein song som ofte vart sett på som mindre god. Ofte var B-sida ein song som ikkje kom med på albumet som A-sida ofte kom frå, anten fordi det ikkje var plass eller han ikkje var god nok.

Etter at singlane byrja å kome ut på CD, har dei ofte inneheldt meir enn to songar, der song nr. 1 fungerer som A-side. Dei andre songane på ein slik singel vert likevel ofte kalla «b-sider». Stundom gjev grupper ut eigne plater med samlingar av slike b-sider som ikkje har vorte gjevne ut på andre album tidlegare.

Doble A-side[endre | endre wikiteksten]

Ei «dobbel A-side» er ein singel som har to songar som kjem inn på listene. Dette vart innført av The Beatles i 1965 med singelen deira «Day Tripper» som kom ut på singel i lag med «We Can Work It Out» då bandet fann ut at begge songane var like gode og at dei ikkje ville gje den eine status som B-side.

Sidan enkelte singellister, som den amerikanske Billboard-lista, baserer seg både på platesal og radiospeling, kan begge sidene på same singel kome inn på lista samstundes.