Military Road i Northumberland

Koordinatar: 55°02′18″N 2°11′41″W / 55.0383°N 2.1948°W / 55.0383; -2.1948
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå B6318 Military Road)
Ruta til B6318 i oransje
B6318 nær Harlow Hill

Military Road er eit lokalt namn for delar av vegen B6318 i Northumberland i England. Vegen går frå Heddon-on-the-Wall (54°59′51″N 1°47′34″W / 54.9974°N 1.7929°W / 54.9974; -1.7929 (Military Road (eastern end))) i aust til Greenhead (54°58′55″N 2°32′04″W / 54.9820°N 2.5344°W / 54.9820; -2.5344 (Military Road (western end))) i vest. Mykje av vegen går parallelt med den romerske Hadrianmuren, og store delar av han er bygde på grunnmuren til denne. Vegen er likevel ikkje ein romarveg, men ein veg bygd for å kunna transportera militære styrkar og utstyr mellom Newcastle og Carlisle.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Vegen må ikkje forvekslast med den romerske militærvegen ved Hadrianmuren i sør. Han må heller ikkje forvekslast med andre vegar kalla Military Road som blei bygde i Skottland under Field Marshal Wade. Desse inkluderer vegar ved Corrieyairack Pass og Aberfeldy.

Langs mykje av lengda si er Military Road heilt rett, og minnar om ein romarveg. Omgrepet «militærveg» kjem ikkje frå dette, men frå ønsket om ein veg som var eigna for flyting av militært utstyr og køyretøy mellom Newcastle og Carlisle. Dette var i stor grad som svar på dei dårlege forholda hannoveriske styrkar under feltmarskalk Wade hadde møtt i 1746 då dei freista å undertrykka jakobittar som kjempa for Bonnie Prince Charlie i nord. Vanskane til troppane under feltmarskalk Wade, og tilknytinga hans til andre «militærvegar» i Skottland, er truleg kjelda til at mange trut han òg var ansvarleg for denne ruta.

Nær Once Brewed, vestover

Avgjerda om å forbetra vegkommunikasjonen blei tatt som svar på vanskane med å flytta den hannoveriske hæren under general George Wade frå Newcastle til Carlisle i 1746; reisa skal ha tatt nesten ei veke mellom 16. og 22. november.[1] I lys av den dårlege tilstanden til vegen rekna ein det som ei hastesak å forbetra traséen. Bygginga byrja i midten av 1751, og blei fullført i 1758. Bygginga av den historiske militærvegen, som B6318 delvis går på, er omtalt som eit av dei mest skadelege enkeltåtaka på Hadrianmuren. Topografien vest for Sewingshields gjorde det nødvendig for vegen å skilja lag med muren, og dette verna mykje av det som er att av muren i dag.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lawson, William (1966). «The origin of the Military Road from Newcastle to Carlisle» (PDF). Archaeologia Aeliana 44: 185–207 – via Archaeological Data Service. 
  • Denne artikkelen bygger på «Military Road (Northumberland)» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juni 2022.
  • Smith, GH, Excavations near Hadrian's Wall at Tarraby Lane 1976, Britannia, Vol. 9 (1978), pp 19–56
  • Lawson, W, The origin of the Military Road from Newcastle to Carlisle. Archaeologia Aeliana Series 4. Vol 44 (1966), pp. 185-207.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Military Road i Northumberland

55°02′18″N 2°11′41″W / 55.0383°N 2.1948°W / 55.0383; -2.1948