BAe Jetstream 31

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
BAE Jetstream 31

BAE Jetstream 31, opphavleg Handley Page Jetstream 31, er eit mindre to-turboprop motors passasjerfly, med trykkabin, konstruert for å møta krava i USA til eit fly for den regionale marknaden.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Handley Page var i ein kinkig situasjon på 1960-talet. Dei ynskte å vera uavhengige av dei «to store» (Hawker Siddeley og British Aircraft Corporation), men mangla økonomiske musklar til å utvikla eit stort passasjerfly som kunne halda dei i marknaden. Etter å ha studert problemet bestemde dei seg for at det neste produktet deira skulle vera eit særs konkurransedyktig mindre fly som kunne fylla ein nisje i marknaden. Dei identifiserte dette som ein 2-motors rask maskin med 12-18 sete. Konstruksjonen møtte stor interesse i USA då han først vart introdusert, og ein ordre på 20 fly kom allereie før teikningane var ferdige.

Samansetjinga av flyet vart gjort i Handley Page-anlegget på Radlett flyplass, men store delar vart sett ut på underentreprise, mellom anna vengene, som vart bygde av Scottish AviationPrestwick, og haleseksjonen som vart bygd hos Northwest Industries i Edmonton i Canada. I prototypen vart det sett inn ein Turboméca Astazou XIV motor på 840 hk. Prototypen hadde sin første tur 18. august 1967 namngjeve som Jetstream 1. Gjennom testprogrammet viste det seg at motorane var for veike. Valet på ny motor fall på eit amerikanskbygd Garrett AiResearch TPE-331, noko som leidde til at US Air Force vurderte flyet som fraktfly. I 1969 plasserte dei ei bestilling på 11 fly med større lastedør og plass til 12 passasjerar, eventuelt seks bårer, men bestillinga frå USAF vart kansellert på grunn av forseinka levering.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]