BLAN

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

bLAN, kort for Breim LAN, er det største og eitt av dei eldste datatreffa i Sogn og Fjordane. Det vert arrangert i Breimshallen i Breim, som ligg sentralt ved E39, slik at det er lett å kome seg dit både med privatbil og buss frå heile fylket. Det vert arrangert to gongar i året, haustferie og vinterferie. Kvart einaste år heilt sidan 1999 har det vore lagt ned mange timar frivillig arbeid i samband med arrangementa. Arrangørgruppa består av lokal datainteressert ungdom som har eit stort ønske om å kunne gje andre ungdomar eit tilbod der dei kan utøve sine fritidsinteresser. bLAN er eit rusfritt arrangement med fokus på at alle skal trivast.

På fylkesbasis er bLAN i særklasse, og har i mange år vore det største og mest ettertrakta datatreffet i heile Sogn og Fjordane. Kvar gong samlar rundt 275 ungdomar seg til ei helg litt utanom det vanlege, der dei kan slå seg laus med sine interesser for data på alle plan. Hovudgruppa av deltakarar er frå Nordfjord, men folk frå Molde såvel som folk frå Breim og Sandane vender tilbake år etter år. Det vert halde både konkurransar, kurs og foredrag. Dei legg også til rette for at dei som ikkje tek med seg datamaskin skal ha det kjekt, og på denne måten har vi blitt ein sosial møteplass for ungdom generelt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]